Treningskamp: Laget mot Hødd

Fosshaugane Campus klokka 13:30

Me gjer oss klare til årets andre treningskamp mot våre vener frå Ulsteinvik, divisjonskollega Hødd. Dei er på plass med vår eigen Eivind Helgesen, som har inspisert sin gamle heimebane.

Det har herska litt tvil om kampen skulle gå ute eller inne i Sognahallen, og med mindre noko heilt spesielt skjer inn mot kampstart no, vil den gå ute.

Nore og gjengen har verkeleg stått på for å få bana klar!

I dag skal me spela tre omgangar á 45 minutt, og me startar med dette laget:

Renze Fij – Andreas Hoven, Mansour Gueye, Daniel Arrocha, Martin Sjølstad – Jonatan Jonsson, Isaac Twum, Valdimar Ingimundarson, Sondre Ørjasæter – Emanuel Grønner, Erik Flataker

Benk: Jørgen Johnsen, Daniel Gjerde Sætren, Mathias Øren, Kristoffer Nessø, Kristoffer Steinset, Endre Kupen, Alejandro Diaz, Marius Årøy (36), Sander Kilen (33), Johannes Lødemel (34), Markus Bringas (22), Lidvin Hestetun (19), Moussa Soma (16)

Kampen går live på Sogn Avis, Endre Romøren er reporter.

Stao no pao!
 

Annonse fra Obos-ligaen: