Laget mot Metalist!

Desse startar mot dagens ukrainske motstand

Det er klart for kamp nummer to i Spania når me møter ukrainske Metalist. Førre kamp vann me 2-1 mot spanske Real Murcia, og no er det klart for ein ny test før me reiser heim til Norge. Tore André gjer fleire endringar på laget frå sist, og me får blant anna sjå Mathias Øren frå start saman med Per-Egil Flo i forsvaret. I tillegg får prøvespelar Edmund Baidoo moglegheita frå start på høgrekanten. Resten av laget ser ein i grafikken under:

Lagoppstilling heime (2).png

Benken tel litt færre spelarar enn sist grunna nokre skadar, men alle 5 er klare til å bidra. Kristian Kongelf scora i førre kamp, og samtlege var på bana i løpet av kampen mot Real Murcia.

Kampen kan du følgja på vår eigen Facebook, der me har direktesending. Kasper Skaanes stiller opp som kameramann, og skal sørga for at ein kan sjå kampen. Me oppdaterar i sosiale medium og kjem med meir om kampen på heimesida.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: