Laget mot Øygarden

Her er dei elleve som startar treningskampen

Me er klare for den aller siste treningskampen vår før OBOS-ligaen 2020 sparkast i gong førstkommande fredag. Klokka 16:00 er det avspark mot Øygarden.

Det er godt og varmt i Saftbygda i dag, og dei elleve som skal starte kampen for Sogndal er desse kjekke karane:

Renze Fij - Axel Kryger, Igoh Ogbu, Tomas Totland - Daniel Eid, Sivert Mannsverk, Mathias Blårud, Andreas Hoven - Kristoffer Hoven, Akor og Badou.

Me har nokså mange på benken i dag:
Håvard Hetle, Sixten Jensen, Eivind Helgesen, Eirik Lereng, Per Magnus Steiring, Tobias Bjørnebye, Tomas Kristoffersen, Adrian Solberg, Endre Kupen, Markus Brændsrød, Mathias Sundberg og Mikkel Erlandsen.

Sjå kampen direkte her

Det er kun personar som er nødvendige for avviklinga av treningskampen som får tilgang, då trenarar, støtteapparat og dommarar.  Antall personar til stades må ikkje oversiga 50.  Dette er bestemt på bakgrunn i smittevernsreglane, som er er gjeldande frå NFF sin treningsprotokoll.

Dette betyr at det ikkje er tilgang for publikum på stadion. Det er opna for begrensa tilgang frå Media.

Sogn Avis vil streama kampen, bak betalingsmur. Om du ikkje har innlogging til lokalavisa vår, anbefalar me eit prøveabonnement! Det kostar kun kr. 5,- for dei første fem vekene, og då kan du lesa om alt som skjer her i Sogn!

Det er viktig for begge lag at Sogndal Fotball får gjennomført treningskampen og at det ikkje kjem publikum på Fosshaugane Campus. Me ber om forståing for noværande situasjon og kamparrangementet.

Stao no pao!!

 

Annonse fra Obos-ligaen: