Laget mot Real Murcia!

Det er endeleg klart for den fyrste kampen i Spania! Tore André har valgt laget som startar mot det spanske laget, og me får blant anna ein debutant på midtbana. Martin Høyland startar sentralt i sin fyrste kamp etter overgangen frå Sarpsborg 08. Resten av laget kan ein sjå i grafikken under:

Lagoppstilling Real Murcia.png

På benken har me fleire unge lovande, saman med meir rutine. 18 år gamle Edmund Baidoo får truleg speletid i andreomgang, og me får også sjå fleire av dei andre på den flotte grasmatta. 

Kampen kan du sjå på Sogn Avis/Direktesport med eit abonnement på amedia. Me oppdaterar med scoringa på sosiale medium og kjem tilbake med meir etter kampen på heimesida!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: