Laget mot Start

Her er dei elleve som startar dagens kamp

Då er me allereie framme ved årets siste heimekamp i seriespelet av OBOS-ligaen 2022!

Me tek i mot Eirik Schulze og hans Start i gult og svart! Sørlendingane har fått fart på sakene etter ein treig start, og har teften av den viktige 3. plassen på tabellen. Våre karar må opp på hesten og vera med frå første spark på ballen i dag.

Me har framleis sjansen på kvalifiseringsspel, men for å oppnå det må me faktisk vinna i dag. Det har me tenkt å gjera!

Denne helga arrangerer me KIWI BAMA CUP, og det er eit yrande liv på Fosshaugane. Med god stemning frå tribuna skal me stå att med tre poeng etter dagens oppgjer som har avspark klokka 15:00.

Desse karane startar dagens kamp:

Daniel Gjerde Sætren, Andreas Hoven, Andreas van der Spa, Philip Slørdahl, Per-Egil Flo, Jonatan Jónsson, Isaac Twum, Ulrik Mathisen, Kristoffer Nessø, Valdimar Ingimundarson, Alejandro Diaz Liceaga.

Benken: Jørgen Johnsen, Hördur Ingi Gunnarsson, Sondre Ørjasæter, Erik Emanuel Longe Grønner, Eirik Lereng, Anders Johannessen Nord, Mansour Gueye, Kristoffer Steinset, Erik Flataker.


Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: