Laget mot Stjørdals-Blink

Her er dei elleve som startar dagens kamp

Då er me klare til kamp her på MUS Stadion i Stjørdal, der me skal kjempa om poeng mot Stjørdals-Blink. Avspark er klokka 18:00

Sist hadde me to sogndøler som debuterte, i dag får me ein til ved Iver Skorve! Den karen tek stadig nye steg og vart nyleg utteken på G18-landslaget, og no blir det debut frå start i OBOS-ligaen! Me ønskjer han lukke til!

Her i Trøndelag er det overskya og litt kald vind, men det flotte anlegget skal sørga for at me får ein flott kampoppleving.

I dag startar me med desse elleve karane:
Morice Mbaye – Adrian Solberg, Axel Kryger, Martin Ove Roseth – Daniel Eid, Johan Johannessen Bakke, Mathias Blårud, Iver Skorve – Kristoffer Nessø, Kristoffer Hoven, Peter Godly Michael

På benken har me:
Jørgen Johnsen, Kristoffer Valsvik Tobias Bjørnebye, Noah Solskjær, Eirik Lereng, Filip Mardal, Endre Kupen

Stao no pao!!

 

Annonse fra Obos-ligaen: