Laget mot Stjørdals-Blink

Her er dei elleve som startar dagens kamp

Karane er klare til kamp på M.U.S. Arena i Stjørdal!

Før kampen i dag møtte spelarane og trenarane Hommelvik Guts.

Sogndalsvenen Sverre Inge Lystrup Ness starta Hommelvik Guts i Stjørdal med lokale ungdomar for seks år sidan, der nøkkelordet var utanforskap.

Ein sosial møteplass for ungdomar der fotballtrening vart samlingsplassen.

I alt har 120 ungdomar frå sju ulike nasjonalitetar vore innom, og til vanleg møtest 25-30 stk til trening kvar tysdag.

Det er rom for alle, og det viktigaste er trivsel og tryggleik og å ha det moro.

Det er dette fotball handlar om.

Takk til Jon Navarsete som arrangerte møtet. So ynksjer me dei velkomen til Sogndal ved anledning.

No håpar me alle sogningar i Trøndelag kjem på M.U.S arena og heiar på oss kl.18:00 i dag!

I dag startar me med dette laget: 

Renze Fij, Axel Kryger, Andreas van der Spa, Martin Ove Roseth, Andreas Hoven, Jónatan Jónsson,  Valdimar Ingimundarson, Mathias Blårud, Sondre Ørjasæter, Ulrik Mathisen og Peter Godly Michael.

Benken: Daniel Gjerde Sætren, Mansour Gueye, Anders Nord, Eirik Lereng, Kristoffer Hoven, Emanuel Grønner


Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: