Laget mot Stjørdals-Blink

Her er dei elleve som startar dagens kamp

Me er klare til kamp mot Stjørdals-Blink!

I dag har det blese både stikkar og strå her i Saftbygda, men temperaturen er nokså hyggeleg til å vera i siste halvdel av september. Yr fortel oss at det under kampen vil vera rundt 13 grader, småregn og lett bris.

Me kan ynskja Andreas Van der Spa velkomen i sin første kamptropp - og det er kjekt at Andreas Hoven er tilbake frå skade.

Kaptein Sivert Mannsverk står over i dag etter at han fekk seg eit lite kakk under treninga inn mot kampen, men El Maestro er nok snart tilbake på bana.

Avspark er klokka 18:00. 

I dag startar me med dette laget:

Renze Fij - Axel Kryger, Igoh Ogbu, Martin Ove Roseth - Daniel Eid, Tomas Kristoffersen, Mathias Blårud, Tomas Totland - Badou, Endre Kupen og Kristoffer Hoven

På benken i dag har me: Håvard Hetle, Markus Brændsrød, Eivind Helgesen, Andreas Hoven, Sixten Jensen, Tobias Bjørnebye, Andreas Van der Spa, Adrian Solberg og Johan Bakke.

Me er klare til å gi bånn gass!

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: