Laget tek steg – og Hintsa leverer!

Den første månaden av 2026 har vore både lærerik og lovande for Sogndal Fotball A-lag.

Her kjem ein statusrapport frå A-laget og trenar Luis Pimenta.

Dei innleiande treningsvekene har gitt oss høve til å gå gjennom hovudtrekka i spelmodellen vår – ei nyttig påminning for dei som var med i fjor, og eit første inntrykk for dei nye spelarane.

Treningskampane har hatt som hovudprioritet å byggje oss opp fysisk. Difor valde me ei progresjon i val av motstand, med kampar mot Førde (3. divisjon) og Sandviken (2. divisjon).

Samtidig har kampane hatt eit tydeleg taktisk mål: å sjå igjen det me har jobba med på treningsfeltet. Det har vore moro å sjå kor mykje av dynamikken i angrepsspelet allereie sit. Ti mål på to kampar talar for seg, og ekstra kjekt er det at toppscoraren vår frå i fjor verkeleg har meldt seg på – Oliver Hintsa stod for fire mål i den siste kampen. Det lovar godt!

Som utviklingsklubb er det viktig for oss å gi moglegheiter til unge spelarar, både på trening og i kamp. Theo Westgård (fødd 2008) er ein av dei som har gripe sjansen i begge treningskampane og levert bra. Han får ein fortent plass på treningsleiren i Spania som belønning.

Theo Westgård (t.v.) og Hans Pedersen Grønningsæter har begge fått sjansen i treningskampar for Sogndal Fotball A-lag i januar (foto: haugenfotball.no).
Theo Westgård (t.v.) og Hans Pedersen Grønningsæter har begge fått sjansen i treningskampar for Sogndal Fotball A-lag i januar (foto: haugenfotball.no).

I Spania ventar tøff, internasjonal motstand mot Daejeon Hana Citizen 5. februar og Kryvbas Kryvyi Rih 12. februar. Desse kampane vil gi oss ein perfekt progresjon i krava som ventar vidare. Jobben held fram!

Troppen som reiser til Spania:
Lars Jendal
Daniel Sætren
Ard Ragnar Sunndal
Mathias Øren
Even Hovland
Sander Granheim
Emil Hillestad
Theo Westgård
Elias Flo
Diogo Bras
Marius Årøy
Martin Høyland
Lukass Vapne
Vegard Hagen
Jacob Flaten
Tuomas Pippola
Kasper Skaanes
Fabio Sturgeon
Sebastian Pedersen
Oliver Hintsa
Preben Asp
Onni Helén

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: