Landslagsspelar klar for Sogndal E-Sport!

Jonas Myhrhaug Kristiansen har signert for Sogndal E-Sport!


I dag byrjar eSerien 2024! Ligaen der dei beste EA FC (tidlegare FIFA) spelarane i landet konkurrerar som representantar for kvar sin klubb. Sogndal har kvalifisert seg, og er ein av dei 16 beste i landet. No har landslagsspelar Jonas Myhrhaug Kristiansen signert, og er klar til å ta fatt på sesongen!

IMG_5163.jpeg
Jonas Myhrhaug Kristiansen saman med trenar Christoffer Irgens

Jonas kjem frå Grorud og har spelt FIFA sidan han var liten. Som 16-åring byrja han å satsa for å bli proff. Han har representert klubbar som Raufoss, Vålerenga og Lillestrøm, men no er han klar for å vinne eSerien med Sogndal! Han spelar også for landslaget til Norge, og har spelt fleire turneringar med flagget på brystet!


eSerien består av 16 lag fordelt på to grupper. I gruppe A finn me: Rosenborg, Åsane, Bodø/Glimt, Raufoss, Lyn, HamKam, Bryne og KFUM. Gruppe B består av: Lørenskog, Brann, Sogndal, Viking, Haugesund, Kristiansund, Aalesund og Tromsø. Denne helga spelast halvparten av kampane i gruppespelet, medan resten av gruppespelet går 14. april. Dei beste laga etter gjennomført gruppespel går vidare til sluttspelet i slutten av april!

Meir om eSerien her!

IMG_5189.jpeg
Jonas Myhrhaug Kristiansen er klar for Sogndal

Alle kampane streamast på Twitch, og ein kan sjå alt av eSerien på nett. Om du ønskjer meir info om denne satsinga kan du følgje Sogndal E-Sport på Facebook. Her kjem det gjamnlege oppdateringar om all aktivitet innanfor E-Sport-satsinga i Sogndal. 

Me ønskjer Jonas og teamet masse lukke til med sesongen, og håpar sjølvsagt på siger i eSerien 2024!

STAO NO PAO!

IMG_5184.jpeg
Sparebanken Vest er Sogndal E-sport sin hovudpartnar

 

Annonse fra Obos-ligaen: