Låneavtalen er forlenga!

Igoh Ogbu blir i Sogndal også neste sesong

Rosenborg BK og Sogndal Fotball er samde om ein ny utlånsavtale for forsvarsspelaren Igoh Ogbu (f. 8. februar 2000). Avtalen strekkjer seg ut sesongen 2020, og det er forhandla fram ein opsjon for framtidig kjøp om det skulle bli aktuelt.

Igoh kom til oss i sommar, og markerte seg raskt som ein sterk og kompromisslaus forsvarsspelar. Han fekk raskt tillit hjå trenarteamet og vidare mykje speletid i haust.

- Eg likar meg veldig godt i Sogndal, og gler meg til neste sesong! Me er ein fin gjeng her, seier Igoh.

Sportsleg leiar Håvard Flo fortel at det har vore eit fint samarbeid mellom klubbane rundt denne låneavtalen.

- Me kontakta RBK for å forhøyre oss om moglegheiten for vidare lån. Dette var trøndarane interesserte i, då dei var veldig nøgde med at Igoh hadde fått so mykje god speletid hjå oss.

Trenar Eirik Bakke er glad for å ha med forsvarsspelaren vidare.

- Det er godt å få ei slik viktig brikke på plass. Igoh er ein ambisiøs og svolten gut som passar godt inn i profilen vår. Me håpar og trur at han neste år vil ta nye steg og bli ein god sjef i forsvaret, seier Bakke.

Igoh Ogbu spelte 1304 minutt fordelt på16 kampar for oss i haust. Han skåra eit flott mål borte mot Sandnes Ulf, og han tok for seg i duellane, noko to gule kort fortel oss. Han rakk og bli ein populær spelar bland heimepublikumet på Fosshaugane.

- Igoh er ein veldig spennande spelar, han har kvalitet og eit stort potensiale for å bli ein veldig god fotballspelar. Me er veldig glade for at han skal vera med oss også i 2020, avsluttar Håvard Flo.

Rasmus Mo og Eirik Bakke er glade for å ha Igoh med på laget vidare
Rasmus Mo og Eirik Bakke er glade for å ha Igoh med på laget vidare

 

Annonse fra Obos-ligaen: