
Lars Selle har vore på utplassering hjå oss i Sogndal Fotball
Lars Selle (14) frå Bømlo har vore på utplassering i Sogndal denne veka Utviklingsavdelinga
Lars Selle (14) er bror av utviklingsavdelinga sin keepertrenar Martin Selle (21). Denne veka har han vore på besøk hjå storebror og fått prøve seg som keepertrenar i ein toppklubb.
- Martin spurde om eg hadde lyst til å kome til Sogndal, og det takka eg sjølvsagt ja til. Det verka spennande og så slapp eg i tillegg å søke etter andre jobbar, fortel Lars.
Gjennom veka har han fått følgje kvardagen til Martin som keepertrenar i ein toppklubb. Det inkluderer blant anna å delta på sportsmøter og møter med Norsk Toppfotball, i tillegg til å planlegge økter og å vere på treningfeltet. Lars har fått prøve seg som keepertrenar på Sogndalsakademiet i tillegg til å vere assistent for storebror på treningar med NG15, NG17 og Sogndal 2.
- Det har vore kjekt. Eg har aldri vore keepertrenar før, så det var ei ny erfaring for meg, fortel han.

Storebror Martin fekk vite at Lars skulle ha jobbhospitering og tilbydde han å kome til Sogndal:
- Dette var ei god moglegheit for å vise han litt av korleis eg jobbar. Sidan han er keeper sjølv trur eg dette er ei god erfaring for han som spelar, og så er det veldig kjekt å få tilbringe ei veke saman, fortel Martin.
Me synst det er veldig kjekt at elevar ønskjer å ha arbeidsveke hjå oss, og håpar at ein synst det er spennande å jobbe i fotballklubb. Det har vore kjekt å ha Lars på besøk, og me håpar det har vore ei flott veke med mange gode erfaringar!
STAO NO PAO!