
Lerum Cup 2017
Cupeventyret i Sogn!
Det skal handla om fotball desse dagane, men også samhald, hygge, sol og saft. Dei siste vekene har cupgeneral Tommy Øren lagt kabal - ein logistikkabal. For det er storinnrykk i bygda når om lag 220 fotballag skal samlast. Overnatting- og kampoppsett er sendt ut på mail til alle deltakarar. Det same er reglement og annan praktisk informasjon.
Du kan også finne nyttig informasjon på lerumcup.no og i Appen «Lerum Cup».
Stao No Pao-magasin
I samarbeid med Sogn Avis gir me ogå i år ut Stao No Pao-magasinet. Dette vil bli distribuert til over 24.000 hustandar i Sogn og omegn. Ein kan forvente å få magasinet i posten onsdag 28.juni. Frå denne datoen vil også magasinet vere tilgjengeleg digitalt på Sogn Avis sine heimesider.
Stao No Pao-magasinet vil innehalde informasjon om klubben og bygda, samt praktisk informasjon om Lerumcup helga.

Stor aktivitet i Saftbygda denne helga
Denne helga er det aktivitet for alle og ein kvar, ikkje berre fotballspelarar. Det vert høve til å vere med på fleire ulike sosiale arrangement under cupen. Nytt av året er Aktivitetsparken ein finn i Sogndal sentrum, her vil det vere stor aktivitet for små og store. Lustrabadet er ope, og på fredag held butikkane i Sogndal nattope.
Inspirasjonsforedrag med Eirik Bakke
Fredag 30.juni arrangerer LerumCup inspirasjonsforedrag for trenarar og andre interersserte.

På kveldens foredrag vil med anna Eirik Bakke fortelle om si eiga fotballkarriere og om kva han ser etter hos dagens fotballspelarar. Trine Hjellhaug Lerum vil ta dykk med på korleis gjera kvarandre gode. Rasmus Mo skal ha eit innslag om verdiar og omdøme. Og utviklingsansvarleg Anders Stadheim skal også fortelje om kva som vert jobba med i Barne og ungdomsfotballen.
Her kan ein forvente mykje godt påfyll - ta turen!
Foredraget er ope for alle.
Pris: kr 200,-
Reserver din billett her
Eliteseriekamp: Sogndal - Aalesund
Laurdag 1.juli spelar Sogndal kamp mot Aalesund kl.20:15.
Ta med deg familien og skap god stemning på Fosshaugane.
Kjøp din kampbillett her
Program
29.06 Torsdag
10-19:00 - Butikkane i Sogndal er opne
16-23:00 - Innsjekk for Lerum Cup i Sognahallen
17-22:00- Aktivitetsparken i sentrumsparken er open (kjøp aktivitetskort på LerumCup)
30.06 Fredag
08-20:00 Lerum Cup-kampar i Sogndal, Hafslo og Kaupanger
08-20:00 Intersport sitt salstelt på Hafslo er ope
10-23:00 Butikkane i Sogndal har nattope
10-22:00 Aktivitetsparken i sentrum er open (kjøp aktivitetskort på LerumCup )
19-22:00 Diskotek for cupdeltakarar
20-22:00 Inspirasjonsforedrag med Eirik Bakke og fleire (kjøp din billett på LerumCup)
01.07 Laurdag
08-18:00 Lerum Cup-kampar i Sogndal, Hafslo og Kaupanger
08-18:00 Intersport sitt salstelt på Hafslo er ope
10-18:00 Butikkane i Sogndal er opne
10-19:00 Aktivitetsparken i Sentrum er open (kjøp aktivitetskort på LerumCup)
20-22:00 Eliteseriekamp Sogndal - Aalesund (kjøp din billett på Sogndal Fotball)
02.07 Søndag
09-15:00 Lerum Cup-kampar i Sogndal, Hafslo og Kaupanger
09-13:00 Intersport sitt salstelt er ope
10-14:00 Aktivitetsparken i sentrum er open (kjøp aktivitetskort på Lerum Cup)
.jpg)
Oversikt over cupområdet (Sogndal, Hafslo og Kaupanger)

For meir informasjon - sjå http://fotball.lerumcup.no/kart og Appen «Lerum Cup»
Aktivitetspark
I år kan du utfalde deg med mange aktivitetar i sentrum under Lerum Cup. Cupen arrangerer ein eigen aktivitetspark med moro for store og små. Alle kan delta, uavhengig om du er med på cupen eller ikkje - aktivitetskort for adgang får du kjøpt på lerumcup.no sine heimesider og i Sogndalsbui som står på stand i parken.
Pris: 75,- for 5 klipp.
Opningstider:
Torsdag 17-22
Fredag 10-22
Laurdag 10-19
Sundag 10-14
Spørsmål om cupen? Ta kontakt:
Telefon 57 62 90 90 (Kontortid kl.10-15)
E-post: [email protected]
Instagram: @lerumcup.fotball