LERUM CUP 2020

Kva skjer med årets cup?

Det er i desse dagar vel 90 dagar til innsjekk Lerum Cup 2020. Me håpar at me kan ta i mot alle dykk som gler seg til 19. juni. Slik situasjonen er no rundt coronaviruset, er det usikkert, og det er mange som lurer på om cupen vil verta ein realitet i år.

Me har god påmelding til årets cup og klubben held fram med plan for gjennomføring.

- Dette er ein viktig cup for deltakarane, klubben og det lokale næringslivet, seier arrangementssjef Geir Inge Heggestad.

- Me skal ha nytt møte rett over påske, for å sjå kva signal me då har frå styresmaktene og som me sjølvsagt må styra etter, understrekar Heggestad.

Lerum Cup er sommarens høgdepunkt i regionen. Gode baner, gode leveransar frå samarbeidsklubbane Hafslo og Kaupanger og glade ungar i aktivitet gjer at det sit langt inne å avlysa.

Pr. idag jobbar me som om at cupen skal gå etter planen, men til sjuande og sist er det altso styresmaktene som bestemmer.

Du finn meir om cupen her

Annonse fra Obos-ligaen: