Lillestrøm - Sogndal

Åråsen Stadion, avspark klokka 19:00

Då er me klare for ein ny kamp her austafor. So langt i år har me ikkje lukkast so godt her rundt Oslo. I dag tek me turen ut av hovudstaden, me er klare for Lillestrøm - Sogndal.

Avspark er klokka 19:00, og det er nok framleis slik at ein ikkje får sjå kampen på stadion.

Slik ser du dagens kamp
Me er som kjent midt i ein pandemi, noko som fører til at det er store restriksjonar på kven som kjem inn på kamp. Me har bortekamp, då har heller ingen av våre supportarar inngang på tribuna.

I dag er det difor berre mogleg å sjå kampen via betalingskanal, og i år er det dplay som gjeld. Dei skal visa alle kampane, og legg opp til eit større og betre opplegg rundt OBOS-ligaen enn nokon gong. For 159,- i månaden får du tilgang på alle kampane i OBOS-ligaen, Eliteserien, Eurosport og alle dei andre kanalane. Ta ein titt her

Sjå Lillestrøm - Sogndal på dplay

Runde 7

Det vart spelt sju spennande kampar i går:
Grorud - Ull/Kisa 3-1
HamKam - KFUM 2-2
Kongsvinger - Øygarden 1-1
Raufoss - Strømmen 1-1
Sandnes Ulf - Ranheim 2-1
Stjørdals-Blink - Jerv 2-2
Åsane - Tromsø 0-1

Slik er tabellen før vår kamp i kveld

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Sogndal Sogndal 4 2 2 0 6 3 3 8 U V U V
2 Kongsvinger Kongsvinger 4 2 2 0 8 6 2 8 V U U V
3 Levanger Levanger 4 2 1 1 9 4 5 7 U V V T
4 Egersund Egersund 3 2 1 0 10 7 3 7 V U V
5 Stabæk Stabæk 3 2 1 0 5 2 3 7 U V V
6 Bryne Bryne 4 2 0 2 4 3 1 6 V T T V
7 Moss Moss 4 2 0 2 5 7 -2 6 V T V T
8 Lyn Lyn 4 1 2 1 5 5 0 5 T U V U
9 Vålerenga Vålerenga 4 1 2 1 5 6 -1 5 U V T U
10 Ranheim TF Ranheim TF 4 1 1 2 7 7 0 4 T V T U
11 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 4 1 1 2 7 8 -1 4 T T V U
12 Aalesund Aalesund 4 1 1 2 5 8 -3 4 U V T T
13 Åsane Åsane 3 0 3 0 5 5 0 3 U U U
14 Mjøndalen Mjøndalen 3 0 2 1 3 5 -2 2 U T U
15 Start Start 4 0 2 2 4 8 -4 2 T T U U
16 Raufoss Raufoss 4 0 1 3 2 6 -4 1 U T T T


I dag skal me møta eit lag som har hatt ein start dei ikkje er nøgd med, der det spesielt i det siste har gått litt i mot.

Dette gjer at det er ein gjeng med illsinte kanarifuglar me skal spela mot, karane våre må vera påskrudde frå start!

Etter ei lita rekkje med svake resultat, slo me tilbake då me møtte Raufoss heime sist fredag. Me tenkjer å halda oss i det sporet, og det skal Lillestrøm få merka i dag!

Karane kom til Austlandet i går etter ein flott tur med innlagt stopp på Nesbyen. Der vart det trening på ei strøken grasmatte og lasagne på Nesbyen Kro. Det er alltid kjekt å stoppa på Nesbyen!

Under kampen skal det vera sol, lett bris og rundt 20 grader.

Me gler oss veldig til kamp!

Annonse fra Obos-ligaen: