DEN LOKALE VINNAREN AV ÅRETS FOTBALLMAMMA ER.....

Det vart rekordjamt i toppen, og kun få stemmer avgjorde dei 3 øvste plassane.

Den lokale avstemminga er ferdig, og me har funne vår kandidat til Årets Fotballmamma etter ein rekordjamn avstemming. 

Våre lokale representant til Årets Fotballmamma er May Britt Solheim Kvellestad frå Breimsbygda IL.

- Dette var veldig kjekt, det er nesten ikkje til å tru, seier ei glad fotballmamma May Britt.

- Breimdbygda IL er ein liten klubb, og det er utruleg stats at me kjem så langt opp, fortel ho.

Aktiv som både trenar, oppmann, styreverv og dugnad
- I dag er eg trenar for G11, men eg har hatt mange ulike roller opp gjennom åra. Med tre aktive born vert ein raskt engasjert og det er kjekt å vere med å bidra, fortel ho.

- Det eg likar best er å vere med på kamp å heie spelarane fram, seier May Britt.

I beskrivinga av May Britt står det:

May Britt er ei fantastisk dame! Ho har tre aktive born, er geitebonde og assistent på Breim Skule. ho er fotballtrenar, og aktiv supportar på fleire lag i Breimsbygda. Ho motiverar spelarane, og køyre eine sonen på sone og kretstrening. 

Ho seier alltid ja når det er behov for dugnadshjelp! Bla påtok ho seg kioskansvar på Breimsbygda si miniputt-turnering, sjølv om ho ikkje har ungar med der lenger! Alltid kjekt å vere kring May Britt!

Avgje di viktige stemme her: http://j.mp/2xCfXn5

Les artikkelen om May Britt i Frida her

Topp 3

  • 1. May Britt Solheim Kvellestad, Breimsbygda IL

  • 2. Irene Sande Nilsen, Kaupanger IL

  • 3. Anne Jorunn Fjærestad, Vik IL

Totalt var det 23 fantastiske fotballmammaer som deltok i vår lokale konkurranse.

Nasjonalt var det 670 fotballmammaer som var nominert, og nesten 15.000 personar har stemt fram sin favoritt.
No er det 16 fotballamammaer som er klar for den nasjonale avstemminga og får sjansen til å vinne kr 50.000,- til sin breiddeklubb.

Tusen takk til alle som sende inn bidrag, og tusen hjarteleg takk til alle fotballmammaer der ute som gjer ein enorm innsats for våre små og store håpefulle. Dykk e unike!

Avgje di viktige stemme her: http://j.mp/2xCfXn5

May Britt er vinnaren av den lokale konkurransa og mottek:

- Kr. 10.000,- til Breimsbygda IL som er hennar breiddeklubb
- Kr. 500 i gåvekort frå Ktichen
- May Britt og familien blir invitert i vår VIP-losje på Sogndal vs. Notodden 11.nov.
- Forundringspakke fra oss i Sogndal Fotball
- Representere Sogndal i den nasjonale avstemminga. 

Går May Britt heile vegen, kan ho vinne kr 50. 000,- til Breimsbygda IL i tillegg til andre gåver.

Me heiar på deg May Britt.

Avgje di viktige stemme her: http://j.mp/2xCfXn5 

Annonse fra Obos-ligaen: