Lokal kraft forlengar samarbeidet
Sogndal Fotball og Sognekraft-konsernet har forlenga samarbeidet sitt med ein ny treårig avtale som strekkjer seg ut 2028.
Avtalen byggjer vidare på eit viktig og solid partnarskap for klubben, der Sognekraft held fram som ein av hovudsponsorane. Samstundes er avtalen ei vidareføring av eit langvarig og tett samarbeid mellom partane som strekkjer seg langt tilbake i tid.
Den nye avtalen er ein konsernavtale som òg omfattar Sognenett og Sygnir, og styrkjer dermed samarbeidet på tvers av selskapa i konsernet.
Samarbeidet omfattar ikkje berre profilering, men òg felles tiltak og aktivitetar for born og unge i regionen. Eit døme er Draumedagen, ei flott oppleving saman med Sogndal-spelarane, som er med på å styrkje fellesskapet rundt klubben.
Dette er Sognekraft
Sognekraft er ein sentral regional bidragsytar i det grøne skiftet. Dei tilsette jobbar målretta kvar dag for berekraftig vekst og samfunnsutvikling i Sogn.
Sognekraft AS vart skipa 14. mars 1947 av kommunar og kraftlag i midtre og indre Sogn for å betra kraftforsyninga til innbyggjarar og næringsliv i bygdene i Sogn.
For ei framtid med rein og fornybar energi.
Ei trygg og stabil straumforsyning - nett der du er.
Internett med fiber gjev meir fart og mykje meir moro.
Om du skal kjøpe straum, ha oversikt over forbruket eller treng elbilladar.
.jpg)
– Sognekraft-konsernet er ein heilt sentral samarbeidspartnar for oss. Dei har vore med i mange år og bidreg til å gje klubben stabile rammer for vidare utvikling. At me no kan byggje vidare på det gode samarbeidet betyr mykje for oss, seier konstituert dagleg leiar Ingrid Narum i Sogndal Fotball.
Sognekraft-konsernet er òg tydeleg på verdien av samarbeidet:
– Sogndal Fotball er meir enn berre ein fotballklubb. Dei er ein regional berebjelke i toppfotballen, og ein viktig arena for at unge og lovande spelarar i lokalsamfunnet torer å drøyma stort og satsa vidare. For oss i Sognekraft-konsernet handlar dette samarbeidet om meir enn logo på drakta. Det handlar om lokal stoltheit, fellesskap og å setja krefter i sving for Sogn. Difor er me glade for å halda fram som hovudsponsor i tre nye år, seier marknadsrådgjevar Knut-Hendrik Lajord i Sognekraft.
– Me i Sognekraft-konsernet ønskjer Sogndal Fotball masse lukke til vidare i sesongen. Stao no pao!