Lokalt keepertalent har signert

Daniel Gjerde Sætren har signert sin første proffkontrakt

Daniel Gjerde Sætren (f. 2/4 2006) og Sogndal Fotball har signert ein avtale som strekkjer seg fram til og med 31/12 2023.

- Me er veldig glade for å signera Daniel. Han er ein dedikert, ung mann som allereie har fått masse god erfaring både på klubb- og landslag, seier Håvard Flo.

Ein glad og stolt kar kunne skriva under papira på Flo sitt kontor.

- Dette føles veldig godt. Eg er veldig stolt over meg sjølv, og stolt over alt eg har gjort for å koma i denne posisjonen, seier Daniel.

Daniel flytta til Sogndal frå Svelgen som fjortenåring for å bli ein god keeper. No oppnår han eit delmål han har satt seg: Kontrakt med Sogndal.

Han har allereie oppnådd eitt mål, debut på A-laget! Den kom mot Fjøra i Cupen i fjor, og han vart då den yngste debutanten gjennom tidene for Sogndal i ein offisiell kamp. Eit anna mål var å få spela med flagget på brystet. Det gjorde han i august i fjor, då G15-landslaget slo Tsjekkia 4-2. Så langt står han med fem landskampar.

- Dette er ein ung fremadstormande keeper! smiler Flo.

G15 før Spania.jpg
Daniel var kaptein då dei slo Spania 2-0 i fjor haust (Foto: NFF))

Sportsleg leiar og keeperlegende Terje Skjeldestad er også glad for å ønskja Daniel velkomen inn i A-laget.

- Dette er ein gut med eit stort potensial som det skal vera spennande å vera med å få utvikla vidare, seier Skjeldestad, som veit kva som krevst for å bli ein god keeper.

- Daniel er ein gut som er ekstremt fokusert, målretta og lærevillig. Dette trur me er hand i hanske med keeperutviklinga vår i Sogndal, og han vil gå inn i ei kjempefin keepergruppe med Geir Stenehjem som ein god læremeistar, seier Skjeldestad.

- Det at Sogndal satsar på meg slik får meg til å fortsetja og jobba hardt vidare, og fortsetja med å utvikla meg sjølv som keeper og person. Denne klubben legg mykje godt arbeid i botn for meg, og då skal eg gi alt eg kan for å bli best mogleg, seier den reflekterte guten.

Daniel trivast veldig godt i Saftbygda.

- Bygda har teke meg i mot på en veldig god måte. Eg har det utroleg godt, og har skapt et veldig fint nettverk her. Det å bu aleine så ung gir meg veldig mykje ansvar, og det likar eg, seier Daniel, som går i tiende klasse på ungdomsskulen.

Familien er viktig for Daniel, og fotballmiljøet i Svelgen får mange gode ord frå han. Han har mykje å takka dei heime for at han har oppnådd sine første mål.

No ventar den kjekke, men tøffe jobben. Daniel er klar, og me gler oss til å ha han med på laget! 

IMG_5602.jpg
Stolt og smilande: Daniel signerar sin første kontrakt.

 

Annonse fra Obos-ligaen: