Luis Pimenta og Miguel Barata forlengjer ut 2028-sesongen!

Den portugisiske duoen har signert ei ny avtale for dei 3 neste åra!

Sogndal Fotball er samde med hovudtrenar Luis Pimenta, f. 1981 og assistenttrenar Miguel Barata, f. 1985 om å forlengje kontraktane. Dei nye avtalane strekkjer seg ut 2028-sesongen!

Luis og Miguel vart presentert som nye trenarar i Sogndal for omtrent 1 år sidan, og den fyrste sesongen i OBOS-ligaen er gjennomført. Med kunnskap, profesjonalitet og auge for detaljar har utvikling stått i fokus, og ein har tatt steg både sporsleg, men også i det daglege arbeidet rundt A-laget. Sogndal Fotball er difor glade for at dei ønskjer å forlengje avtalane sine, og at dei får halde fram utviklinga ut 2028-sesongen!

Luis Pimenta og Miguel Barata
Luis Pimenta og Miguel Barata blir med vidare!

Sogndal Fotball har trua på at samarbeidet kan føre til at ein tek nye steg sportsleg, og at Luis, Miguel og resten av støtteapparatet er det riktige valet for framtida. Arbeidet inn mot neste sesong er allereie godt i gang, og me gler oss til å sjå karadn tilbake i aksjon på nyåret!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: