
Lukass Vapne har signert!
Sogndal Fotball og FK Metta er samde om ein overgang for Lukass Vapne! A-laget
Sogndal Fotball og FK Metta er samde om ein overgang for midtbanespelar Lukass Vapne, f. 31. august 2003! Avtalen strekkjer seg ut 2028-sesongen.
Lukass kjenner me allereie godt då han har vore på lån her sidan februar. Avtalen innehaldt ein opsjon på kjøp, og no er me glade for å kunne annonsere at Lukass offisielt er Sogndalspelar ut 2028!
- Det kjennest godt at klubben trur på meg og at dei ønskte å kjøpe meg. No kan eg fokusere 100% på at eg blir her, og kan halde fram utviklinga mi for å ta nye steg, fortel han.

Lukass har starta samtlege kampar i år, både i OBOS-ligaen og i NM, og blitt ein viktig bidragsytar for Luis Pimenta sitt mannskap. Med ein fantastisk pasningsfot, sin høge arbeidsmoral og stort engasjement har han blitt ein favoritt på Fosshaugadn. No håpar me å få mykje jubel frå latviaren dei neste 3,5 åra.


Lukass kom i februar og har difor funne seg godt til rette i Sogndal og i spelargruppa. Han fortel at han trivst godt, og at det var viktig for at han valde å bli:
- Klubben er som ein familie for meg. Det er sjølvsagt ein klubb med ei stolt historie, men samtidig er det ein liten klubb der ein blir godt kjend med alle. Det har vore bra for meg å bli kjend med mange i klubben og vite at dei støttar meg uansett. Eg synst det har vore det beste med å kome til Sogndal, fortel han.
- Det er i tillegg veldig fint her, og eg elskar naturen, men plassen er veldig liten. Det er eit lite minus, legg han til og ler.
Ansvarleg for spelarlogistikken, Håvard Flo, fortel at det var viktig for oss å løyse ut opsjonen på kjøp av Lukass:
- Låneavtalen med FK Metta var gjeldande ut sesongen, men då Lukass trivst veldig godt, valde me å løyse ut opsjonen no. Me ser viktigheiten av Lukass i laget og gruppa, og trur han blir ein viktig spelar for oss i åra som kjem. Me ser også verdien av at Lukass er involvert for sitt landslag, der han tek med seg gode referansar og erfaringar inn til klubb. Prosessen med FK Metta og representantane til Lukass har vore veldig fin, og me takkar dei for samarbeidet.
Me er sjølvsagt veldig glade for at Lukass blir å sjå på Fosshaugadn også i dei kommande åra. Den fyrste sjansen til å sjå han og karadn kjem allereie på laurdag. Då møter me Stabæk på Fosshaugadn!
- Målet mitt no er å rykke opp med Sogndal, og å ta klubben til det øvste nivået, avsluttar Lukass.
STAO NO PAO!