
Lyn spolerte festen på Fosshaugadn
Det enda med tap mot Lyn i dag A-laget
Sebastian Pedersen scora igjen, men Lyn trakk det lengste strået. Diverre klarte me ikkje å skape den festen me håpte på, og det vart eit skuffande tap i den siste heimekampen før ferien.
Den fyrste omgangen vart fartsfylt og underhaldande, og begge lag kom til nokre gode sjansar tidleg i kampen. Det var bortelaget som skulle ta leiinga, og etter 26 minutt spelt låg ballen i målet bak Lars Jendal. Karadn fortsatte å presse og utteljinga skulle kome berre 7 minutt etter. Sebastian Pedersen steig til værs på eit innlegg frå Martin Sjølstad og stanga ballen i mål. Det stod 1-1 til pause.
I andreomgang var det Lyn som var det beste laget, og i lange periodar skjedde det lite framover i bana. Mot slutten av kampen skulle det straffe seg, og Lyn tok leiinga med 12 minutt igjen av ordinær tid. På slutten vart det kaotiske scener på Fosshaugadn då keeper Alexander Pedersen måtte ut med hovudskade. Lyn hadde brukt opp byta sine, og måtte sette ein utespelar i mål. Diverre klarte ikkje karadn å kome til nokre gode sjansar, sjølv om ein spelte 11 mot 10 og utan keeper for Lyn.
Totaltsett vart det eit skuffande tap i det som skulle bli ein skikkeleg publikumsfest. Me vil rette ei stor takk til dei 3676 som kom på kamp for å lage ei fantastisk ramme! No ventar ein siste kamp på bortebane mot Lillestrøm før A-laget tek sommarferie.
STAO NO PAO!