Målfarleg spiss signert

Sigurd Haugen blir Sogndalspelar dei neste tre åra.

Sogndal Fotball og Odd Ballklubb er samde om ein overgang på Sigurd Hauso Haugen (f. 17. juli 1997). Haugen har signert ein treårskontrakt, og slutta seg til laget på Gran Canaria seint i går kveld.

- Sigurd er ein spennande type med mykje fine ferdigheiter. Han har fått spelt ein del i Odd, men venter framleis på sitt store gjennombrot. Me håper dette blir i Sogndal, fortel sportsleg leiar Håvard Flo.

- Sigurd er ein målsnik med eit stort repetoar, både teknisk og hurtigheitsmessig, seier Flo.

Satsar på fleire skåringar på Fosshaugane
- I 2018 satsar eg på at det blir ein del nettkjenningar på Fosshaugane, og skal eg og bidra med mykje energi og godt humør, fortel Haugen

- Eg gler meg til å komme i gang med trening, og bli betre kjend med laget. Frå før av kjenner eg Steiring frå landslagsspel, og Sixten er og frå Haugesund, seier Haugen.

Frå Haugesund
- I tillegg er det fint å få inn ein ny haugesunder, då me måtte la ein annan gå tidlegare i vinter (Bjørn Inge Utvik), fortel Flo.

- Det kjendes riktig å signere med Sogndal no i forhold til mi utvikling som fotballspelar. Eg har forhøyrt meg litt med folk som kjenner klubben god, med anna Bjørn Inge Utvik, og han var klar i sin tale på at dette var eit godt klubbval for meg, fortel Haugen.

- Tross sin unge alder har Sigurd mykjer erfaring på toppnivå. Me ynskjer å vere med å forme hans utvikling, og gleder oss til eit godt samarbeid, fortel Flo.

41 mål på 64 kamper
Sigurd Haugen har spelt både eliteserie og 2.divisjon i Odd med svært god statistikk. For Odd sitt eliteserielag har han spelt 24 kampar og 6 mål (serie og cup), og for Odd 2 vart det 32 mål på 39 kampar. Totalt har Haugen skåra 41 mål på 64 kamper for Odd. Dette er noko som lovar godt for Sogndal.

Landslagsspel
Haugen har og spelt 7 aldersbestemte landslagskampar der han har notert seg for éin skåring (Sesongen 2015-2016). 

Haugesunderen har tidlegare spelt for heimklubben Djerv 1919, Haugesund (3. Div) og Sandnes Ulf (3.div). Haugen gjekk til Odd i 2016 der han har spelt 2.div og Eliteserie.

 Me ynskjer Sigurd velkomen til oss!

 

Annonse fra Obos-ligaen: