Målfest og siger mot Sandnes Ulf!

Me slår Sandnes Ulf 5-1 på Fosshaugadn!

Det vart ein flott ettermiddag på Fosshaugadn i dag. Mange flotte mål, god stemning og 3 poeng er fasit etter ein flott siger mot Sandnes Ulf! Erik Flataker x2, Mathias Øren, Edmund Baidoo og Oliver Hintsa scora måla våre!

Kampen starta på perfekt vis for heimelaget. Erik Flataker fann Felix Eriksson, fekk ballen igjen og banka ballen i mål allereie etter 7 minutt spelt. Framfor Saftkokaradn kunne både han og resten av laget sleppe jubelen laus. Etter leiarmålet fortsatte me å presse på for ny scoring.

I skadefråværet til Per-Egil Flo er det unge Mathias Øren som får tillit i forsvaret. Han kan meir enn å hindra mål, og etter 25 minutt dobla han leiinga. Eit frispark frå Jacob Blixt Flaten vart svinga inn i feltet. Der venta Øren og fekk stanga ballen i mål. 2-0 og Mathias Øren noterte seg for si fyrste scoring i OBOS-ligaen!

Når det var spelt 31 minutt kom det nok ei scoring. Martin Sjølstad fossa oppover venstresida og la fann Felix Eriksson som la ballen inn i boks. Innlegget fann Edmund Baidoo som fekk avslutta. Ballen gjekk via to forsvarar og satte ut keeper Lønning i Sandnes Ulf-målet. Han fekk ei hand på ballen, men Edmund Baidoo snappa eigen retur og sprang ballen i mål. Dermed stod det 3-0, og Fosshaugadn var i fyr og flammer!

Like før pause kom dagens fjerde scoring, og det var Erik Flataker som satte dagens andre. Martin Sjølstad vart nok ein gong spelt fri på venstresida. Denne gong kom han seg heilt til dødlinja og fekk lagt ballen inn framfor mål. Der kom Erik Flataker som hadde sprunge seg fri og kunne sette ballen enkelt i mål. 4-0 til pause og ein fantastisk omgang var eit faktum.

Etter pause kom det færre mål, men sjansane var det framleis nok av. Når det var spelt 76 minutt kom det ei redusering frå bortelaget. Skuddet til Vejebah Sakor vart blokkert og enda i beina på Artan Memedov som satte ballen forbi Lars Jendal. 4-1.

Berre eitt minutt etterpå kom det ny scoring i motsatt ende av bana. Oliver Hintsa vann ballen sjølv høgt i bana, drog seg inn mot mål og banka ballen i nettet. Svenke Hintsa scora dermed sitt fyrste mål i OBOS-ligaen, og fekk endeleg opna målkontoen! Målet fastsette resultatet til 5-1, og 3 deilige poeng var sikra. Me står no med 9 poeng av 9 moglege på Fosshaugadn! Tusen takk for fantastisk støtte!

Saftkokaradn.jpg

Neste kamp er på fotballens nasjonaldag, 16. mai, borte mot Aalesund. Me håpar på god støtte frå bortefeltet. Billettar kan du kjøpe via denne saka!

PS: I morgon klokka 14:00 spelar Sogndal 2 heimekamp mot Vik. Ta gjerne turen til Fosshaugadn for å støtte våre unge talent!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: