Målfest på Fosshaugane

Det vart ein flott 5-2 siger mot Tromsdalen

Det vart målfest og ein flott 5-2 siger mot Tromsdalen i den 14. serierunden av OBOS-ligaen 2019.

Det var aldri nokon tvil om kven som ville stikke av med tre poeng på Fosshaugane. Heimelaget tok kommandoen frå start, og gjekk til pause på leiinga 3-1. 

Godta informasjonskapslar for å sjå video

Les om kampen i Sogn Avis

Skåringsballet vart opna av Ole Amund Sveen. Me veit alle kva som ligg bak hans første skåring i seriespelet sidan beinbrotet mot Stabæk i 2017, og me møtte ein glad målskårar etter kampen.

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Godta informasjonskapslar for å sjå video


Eirik Schulze skåra 2-0 og 4-1. Me snakka med han om kampen, og om noko so eksotisk som skelpaddar.

Det var full runde i OBOS-ligaen i går. Slik gjekk det i kampane:

KFUM Oslo - Aalesund 2-4
Nest-Sotra - Notodden 2-1
Raufoss - Jerv 4-2
Sandnes Ulf - Ull/Kisa  2-0
Sogndal - Tromsdalen 5-2
Start - HamKam 4-1
Strømmen - Skeid 1-1
Sandefjord - Kongsvinger 1-0

Akor Adams har vore benkeslitar i stund. I går fekk han tillit frå start, og den talentfulle karen kvitterte med å skåra to flotte mål. Han kunne fort fått tre skåringar, men bomma på straffe. Sogn Avis gjorde som oss, snakka med Akor etter kampen.

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Godta informasjonskapslar for å sjå video


Sigurd Haugen kom ikkje på skåringslista denne gong, i staden stod han fram som servitør. Me møtte ein blid kar etter kampen. Les kva gladguten sa til Sogn Avis

Slik ser tabellen ut etter runde 14.

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Haugesund Haugesund 14 10 1 3 43 26 17 31 V V T V V
2 Kongsvinger Kongsvinger 14 9 3 2 36 21 15 30 V V U T V
3 Strømsgodset Strømsgodset 14 8 4 2 41 22 19 28 V V U U T
4 Stabæk Stabæk 14 8 3 3 32 16 16 27 U V T V V
5 Odd Odd 14 7 3 4 27 19 8 24 V T U U T
6 Hødd Hødd 14 6 3 5 22 19 3 21 T T U V V
7 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 14 6 2 6 22 20 2 20 T V V V U
8 Ranheim TF Ranheim TF 14 6 2 6 34 34 0 20 U T V T T
9 Egersund Egersund 14 6 1 7 24 25 -1 19 T T V T V
10 Bryne Bryne 14 5 2 7 19 23 -4 17 V V V T U
11 Moss Moss 14 5 2 7 23 32 -9 17 U V T T T
12 Sogndal Sogndal 14 4 3 7 25 36 -11 15 V T T V T
13 Lyn Lyn 14 4 1 9 17 30 -13 13 T T T T V
14 Raufoss Raufoss 14 4 1 9 17 31 -14 13 T T V T V
15 Åsane Åsane 14 4 1 9 20 30 -10 12 T V T V T
16 Strømmen Strømmen 14 3 2 9 18 36 -18 11

Allereie på onsdag er det ny fotballfest på Fosshaugane. Då tek me i mot Start, som i helga stod for makrellfotball då dei slo HamKam med solide 4-1. Billettar til den kampen kan du kjøpa her

 

Annonse fra Obos-ligaen: