Mållaust i Sognahallen

God treningsøkt for divisjonskollegaene

Det vart mållaust i dagens oppgjer mellom Sogndal og Hødd i Sognahallen. Les om kampen i Sogn Avis

Begge laga hadde sine sjansar til å skåra, men 0-0 er eit greitt resultat i ein typisk treningskamp i januar. Det var både temperatur og taklingar på matta, men finspelet får me sjå litt seinare inn mot seriestart.

Sogn Avis har delt ut denne spelarbørsen

Me starta kampen med dette laget, samtlege på benken fekk speletid, bortsett frå Renze Fij. Han kunne kosa seg over at Jørgen Johnsen stod ein plettfri kamp i mål.
 

Du kan sjå kampen i opptak på Sogn Avis, eller sjå Fotballstudio med Hallo Sogn der Kent Fimreite hadde Jan Tore Jåstad med seg som gjest på indre bane.

No har karane fri i morgon, deretter er det nokre dagar med trening før turen går til Spania for årets treningsleir.

Annonse fra Obos-ligaen: