Mållaust i Valdres

Det vart 0-0 mellom Sogndal og Raufoss i dagens treningskamp

Ingen av laga klarte å skåra mål då Sogndal og Raufoss møttest til treningskamp i Valdres Storhall i ettermiddag.

Kampen kan sjåast i opptak i Sogn Avis

I første omgang hadde karane våre eit nokså klart initiativ, og me spelte oss fram til fleire forsøk og fekk ei del hjørnespark. Det var likevel gutane frå Toten som kom nærast mål med eit skot i stanga bak Renze Fij.

I andre omgang veksla det litt meir og Raufoss kom på fleire visittar der dei fekk corner, men forsvaret vårt stod godt i mot det som kom.

Les om kampen i Sogn Avis

Me starta med dette laget, og alle på benken fekk speletid med unntak av Jørgen Johnsen.

No er det berre éin treningskamp att av ei lang oppkøyring mot OBOS-ligaen 2023.

Tradisjonen tru er årets generalprøve mot Brann, og i år går den på Åsane Arena 2. april klokka 16:00.

Det er snart seriestart. Me treng vår tolvte mann frå tribuneplass! Kjøp sesongkort her

Har du abonnement i Sogn Avis eller ei anna Amedia-avis kan du oppgradera abonnementet med 50 kroner pr. månad og få tilgang til mykje bra sport; slik som treningskampar, Eliteseriekampar, Toppseriekampar og OBOS-ligakampar gjennom sesongen. Les meir om dette her

Annonse fra Obos-ligaen: