Marknadsavdelinga er tilbake på kontoret!

Marknadssjefen blir i 40% framover

Grunna koronapandemien har administrasjonen i Sogndal Fotball vore permittert dei siste vekene.

No er samfunnet i gong med å opnast att, og frå og med i dag går marknadssjef Terje Teigen tilbake i jobb i 40% inntil vidare.

- Eg ser fram til å starta opp att då dette har vore nokre lange veker, fortel Teigen, som elles har sakna fotballen.

Den første arbeidsdagen brukte han til å koma ajour med e-postane sine.

- Heldigvis er det ikkje mange som har valt å setja avtalen med Sogndal Fotball på hold, kan Teigen fortelja.

- No ynskjer me å vera disponible igjen for våre samarbeidspartnarar, samt ta opp att dialogen i denne koronaperioden, noko me meinar er viktig i desse tider.

Det var mykje bra som skjedde i Sogndal Fotball før koronapandemien sette ein bråstoppar for sesongstarten.

- Rett før denne pandemien slo til var eg mykje ute i feltet og snakka med partnarane våre, fortel Teigen.

- Tilbakemeldingane var at folk gleda seg stort til sesongstart i år og dei var optimistiske. Dette skal me bygja vidare på no, smiler ein offensiv marknadssjef.

- Sjølv om me ser at det kan ta litt tid før det blir fotball med publikum på Fosshaugane Campus igjen, so håpar me at alle er tolmodige. Det blir kjekt når me kjem i gang att!

Me gler oss mykje til å sjå alle, både publikum og samarbeidspartnarar. Og Terje Teigen er trygg på at me har mykje moro i vente med gutane til Eirik Bakke i år.

- Ja, eg er ganske sikker på at når det då først smell, so smell det skikkeleg med god fotball og mange tilskodarar på stadion. Eg trur ikkje folk saknar so mykje av det materialistiske i desse dagar, men me saknar heller godt samvær og gode samtalar med andre, og då gjerne i forkant og under ein fotballkamp. Me gler oss, avsluttar Teigen.

Teigen er ikkje den einaste som var på plass på kontoret i dag. Mediaavdelinga ved underteikna vil óg vera litt på kontoret og litt på treningane framover, og me vil senda iallefall ein ynskjereprise frå ein kjekke kamp på Facebook. Eigen sak om dette kjem.    

Annonse fra Obos-ligaen: