Markus takkar av
Brændsrød reiser frå Sogndal etter 3,5 år i klubben
Markus Brændsrød kom til oss som eit friskt pust frå Strømmen sommaren 2017.
Med sitt vinnande vesen vart han fort ein me vart veldig glade i både i klubb og bygd. Diverre vart tida hans i Sogndal prega av mange skadar, men han var likevel ein stor bidragsytar i spelargruppa og elles i klubben med sitt fantastiske humør og positivitet!
Markus fekk 21 kampar i kvitedrakta og skåra to mål.
Tusen takk for tida me fekk i lag, og me vil ønskje deg lukke til vidare!
Stao pao, Markus!!