Martin Ove er klar!

Permanent overgang for karen frå Volda

Sogndal Fotball og Molde Fotballklubb er samde om ein overgang for forsvarsspelar Martin Ove Roseth (f. 10/7 1998).

Martin Ove Roseth og Sogndal Fotball har signert ein avtale som går frå 1/7 2020 til 31/12 2022.

Martin Ove er ein rask spelar med god venstrefot. Han var hjå oss i mesteparten av fjorårssesongen på to låneopphald frå Molde, les meir om dette her og her.

I fjor spelte han 19 kampar i kvitedrakta. Han er godt kjent med klubben og bygda og ein spelar me lærte å kjenne som ein sympatisk og kjekk kar.

- Me er veldig glade for at Martin Ove kjem tilbake til oss. Han gjorde det veldig bra då han var hjå oss i fjor, og var ein spelar med har ønska oss med vidare, seier Håvard Flo.

- Med Martin Ove inn har me komplementert troppen, og han er ein spelar me kjenner godt frå før, seier trenar Eirik Bakke.

Han er ein fin, lokal gut som passar godt inn i profilen vår, seier trenaren om karen frå Volda.

Molde blir også i år ein kandidat til å vinna Eliteserien, og har starta sesongen sterkt. Det er stor konkurranse om plassane på laget, og difor vel no Martin Ove spela i ein klubb der han får meir speletid.

- Martin Ove hadde fleire alternativ, men for han var Sogndal eit førsteval, seier Flo.

- Eg er veldig glad for at me kan henta nok ein ung, svolten spelar som Martin Ove, og ser fram til at me kan vera med på å utvkikla han vidare her hjå oss dei neste åra, seier Bakke.

Les også sak på heimesida til Molde

- Me håpar på mange kjekke stunder i lag med Martin Ove dei neste åra, avsluttar Flo.

 

Annonse fra Obos-ligaen: