Martin reiser heim

Martin Ramsland blir Start-spelar etter vårsesongen

Martin Ramsland og IK Start er samde om ein avtale som startar 1/8 2019. Fram til då er Martin Sogndal-spelar.

- Martin er ein spelar me gjerne ville ha med oss vidare. Det har vore jobba ei stund med resignering av spelaren, men dette har ikkje lukkast, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

- Som ein sørlandsgut med ambisjonar, er det sjølvsagt forlokkande når ein klubb som Start kjem på bana. Når Martin no får sjansen til å fortsetje karrieren sin i den klubben han såg opp til då han var gut, seier Flo.

Sogndal Fotball skulle gjerne sett Martin i kvitedrakta ut sesongen. Det er ein flott gut å ha i garderoben, og ein fotballspelar me er blitt veldig glad i. Me er heilt sikre på at Martin vil levera topp innsats i dei siste månadane hans her i Saftbygda.

- Eg er jo sørlending, og eg har vore Start-supportar sidan eg var liten gut. Det å spela for Start har alltid vore en gutedraum. Samstundes er det spennande ting som skjer i klubben og eg har lyst til å vera med på dette. Etter 5-6 år borte er timinga også god for å flytta heimatt til Sørlandet, seier Martin Ramsland til start.no

Sjølv om det er tungt å mista ein kar som Martin, er fortsatt ambisjonen å rykka opp i år.

- Med denne avklaringa no, kan me bruka dedikert tid fram til sommaren for å finna ein ny spiss. Det skal me få til, avsluttar Håvard Flo.

Annonse fra Obos-ligaen: