
Martin Selle er teken ut til UEFA B keepertrenarkurs!
Utviklingsavdelinga sin keepertrenar, Martin Selle, er teken ut til UEFA B Keepertrenarkurs Utviklingsavdelinga
Martin Selle (21) er keepertrenar for utviklingsavdelinga til Sogndal Fotball. Han har ansvaret for keeperane på Sogndal 2 og alle dei nasjonale laga i klubben frå 14-19 år. No er han teken ut til UEFA B Keepertrenarkurs!
Kva er UEFA B Keepertrenarkurs?
UEFA B-lisensutdanninga er ein del av NFF sin trenarutdanningsstige. For hovudtrenarar har ein dei fire nivåa UEFA C, B, A og Pro. I OBOS-ligaen og Toppserien er det krav om å ha fullført minimum UEFA A-lisens for å kunne vere hovudtrenar. I Eliteserien må ein ha UEFA Pro-lisens som hovudtrenar, medan ein må ha UEFA A-lisens som assistenttrenar. Kven som kjem med på utdanninga blir avgjort ved opptak i byrjinga av kvar sesong.
Det same systemet gjeld for keepertrenarar, og stigen består av dei tre nivåa NFF Keepertrenar B, UEFA Keepertrenar B og UEFA Keepertrenar A. I Eliteserien og OBOS-ligaen er det krav om UEFA Keepertrenar A, medan ein må ha UEFA Keepertrenar B i Toppserien. Martin Selle er no teken ut til UEFA Keepertrenar B og vil få moglegheita til å utvikle seg som trenar og å tilføre utviklingsavdelinga endå meir kompetanse.
Ein keepertrenar med UEFA B-lisens skal ha god nok fagleg kunnskap og praktisk fotballerfaring til å trene keeperar i utviklingsalder og på seniornivå i både breidde- og toppfotball. Ein skal kunne skulere talentfulle keeperar både i ein heilheitleg samanheng og på detaljnivå i tillegg til å jobbe inn mot resten av trenarteamet. Utdanninga strekkjer seg over 8 månadar og er eit grundig og intensivt kurs. Dette blir eit kjempeløft for utviklingsavdelinga si keepersatsing og ikkje minst for Selle si vidare utvikling som keepertrenar.
- Det er utruleg kjekt å bli tatt ut
- Eg forventar å lære mykje av andre, diskutere og å få nye erfaringar som keepertrenar. På kurset møter eg keepertrenarar frå dei største klubbane i Norge, og det blir spennande å kunne dele erfaringar. Dette er det fyrste steget inn mot å bli profesjonell keepertrenar i UEFA-regi, og det er dette eg har jobba mot det siste året. Det er utruleg kjekt å bli tatt ut.
Det er nemleg langt i frå alle søkjarane som kjem med på kurset. Berre 20 av 57 søkjarar nasjonalt får gjennomføre utdanninga i 2025. Me er glade for at Martin er ein av dei og ønskjer han masse lukke til!
STAO NO PAO!