
Mathias og Daniel skal til EM!
Mathias Øren og Daniel Gjerde Sætren er teken ut i EM-troppen til sommarens meisterskap i Romania!
Både Mathias Øren og Daniel Gjerde Sætren er teken ut i EM-troppen til det norske G19-laget! I juni skal Norge til Romania for å spele EM mot dei aller beste nasjonane i Europa, og to av våre eigne er altså med!
Berre 8 nasjonar kvalifiserer seg til EM, inkludert verstlandet Romania, og nålauget er difor syltynt. Det er berre dei beste nasjonane som klarar å kvalifisere seg, og Norge deltek for 3. året på rad. Den fyrste kampen for det norske laget spelast 14. juni, og Norge opnar mot England. Deretter ventar Nederland 17. juni og Tyskland 20. juni. Dei to beste i gruppa går til semifinale.
Heile troppen ser slik ut:
Daniel Gjerde Sætren - Sogndal
Magnus Stær-Jensen - Kjelsås
Einar Bøe Fauskanger - Haugesund
Luca Høyland - Skeid
Mikkel Hope - Haugesund
Fillip Voster Botnen - Viking
Mathias Øren - Sogndal
Jonathan Vonheim Norbye - RB Leipzig
Karsten Ekorness - Stabæk
Fanuel Ghebreyohannes - Egersund
Andreas Heredia-Randen - Strømsgodset
Sigurd Jacobsen Prestmo - Tromsø
Lars Remmem - Brann
Sondre Granaas - Molde
Troy Engseth Nyhammer - Haugesund
Fredrik Ardraa - Strømsgodset
Jesper Reitan-Sunde - Rosenborg
Alexander Røssing - Lelesiit - Hamburger SV
Julian Gonstad - HamKam
Faniel Tewelde - Lommel
Niklas Kemp Fuglestad - Viking
Me gratulerer Mathias og Daniel med uttaket og ønskjer dei masse lukke til i meisterskapen. Det er stort at to av våre eigne skal representere landet, og spele med flagget på brystet på den største scena!
NB. EM går samtidig som det spelast kampar i OBOS-ligaen. Det kan forekomme endringar i allereie beramma kampar. Me kjem tilbake med meir informasjon så snart det eventuelt blir klart.
STAO NO PAO!