Mathias på utlån

Håpar på speletid for Tromsdalen i Post Nord-ligaen

Sogndal Fotball og Tromsdalen er samde om ein utlånsavtale for Mathias Sundberg.

I første omgang varar avtalen til og med 8. september.

Overgangsvindauget er stengt, men denne låneavtalen kjem under Nasjonal Utlånsordning for spelarar i alderen 18-22 år. Les meir om dette her.

Mathias reiste nordover i går, og skal på sin første trening i dalen bakom Ishavskatedralen no i ettermiddag.

- For Mathias er det viktig å få ein god kampkvardag for å sikra han ein vidare god utvikling, seier Håvard Flo.

Håvard fortel vidare at TUIL har følgt med Mathias ei stund, og vil forhåpentlegvis gi han mykje og god speletid i ein tøff Post Nord-liga.

Mathias var med på G19-laget som gjekk heilt til topps både i NM og Skandinavisk Meisterskap i 2018.

I fjor fekk han debuten med flagget på brystet og han har skåra sitt første landslagsmål, dette skjedde i spanske San Pedro del Pinatar mot England. Så langt står han med seks landskampar.

Han spelte óg alle kampane i UEFA Youth League, der me var svært nære å gå vidare til tredje runde. Dei siste åra har han óg spelt på Sogndal 2, før han denne sesongen fekk proffkontrakt med A-laget.

Sundberg jubel
Slik jublar ein når ein har skåra i semifinalen i NM mot Viking i Stavanger. Foto: Rune Sjøberg

- Dette blir kjekt, fortel ein spent og positiv Mathias.

Han er innstilt på å gi full innsats for sin nye klubb.

- Målet mitt er å få speletid, og gjera meg fortent til å få spela mykje gjennom gode prestasjonar. Eg er her for å utvikla meg slik at eg er ein betre spelar når eg kjem heimatt, seier ein offensiv Mathias.

Den unge sogndølen har aldri vore nord for Trondheim, og er med på spøken til underteikna på spørsmålet om han har sett nokre reinsdyr der so langt.

- Nei, eg har ikkje det, men håpar det kjem ein isbjørn eller to på treninga i dag. Neida, dette blir spennande og moro, eg gler meg masse til å vera her, seier Mathias.

Og debuten for sine nye klubb kan han få allereie på søndag, ikkje så langt heimefrå. Klokka 15:00 barkar Florø og Tromsdalen saman på Florø Stadion.

Me ynskjer Mathias lukke til!

Annonse fra Obos-ligaen: