
Mathias Sundberg til Ull/Kisa
20-åringen søkjer nye utfordringar
Sogndal Fotball og Ull/Kisa er samde om ein overgang for Mathias Sundberg. Sogndølen sluttar seg til PostNord-klubben i dag, og reiser til Tyrkia på treningsleir i morgon.
Mathias har gått gradene her i Sogndal, frå miniputt til A-laget. Han var óg ein del av G19-laget som vann NM, Skandinavisk Meisterskap og som spelte i UEFA Youth League.
- Eg har hatt mange fine opplevingar her i klubben, då spesielt med gjengen som var på G19-laget, seier Mathias.
Mathias står med fem kampar for A-laget. Sogndølen fekk spela med flagget på brystet i åtte kampar, og står med to landslagsmål. Han har óg vore på to utlån, først til Tromsdalen i 2020, og i fjor var han i Øygarden.
- Sjølv om det vart begrensa med speletid på A-laget, var det ei fin og lærerik tid der eg gleda meg til å gå på trening i lag med gutane. Eg kjem til å sakna den fine gjengen, men ser no fram til nye bekjentskap på Austlandet.
No går turen vidare til Ull/Kisa, og han har skrive ein toårig avtale med klubben frå Jessheim, som rykka ned frå OBOS-ligaen etter sesongen i fjor. Med trenar Steffen Landro har dei gulgrøne ambisjonar om å gjera snarleg comeback i OBOS-ligaen.
- Eg kjem til ein god og seriøs klubb med ambisjonar. Eg trur me vil ha ein god sjanse til opprykk då me har eit lag med ein fin mix av rutinerte og unge spelarar.
No ynskjer Mathias å ta nye steg som fotballspelar.
- Målet mitt for denne sesongen er å få mykje speletid på eit godt nivå i PostNord-ligaen, og eg håpar sjølvsagt at eg skal få skåra ein del mål.
Me takkar Mathias for ein fin tid i lag, og ynskjer lukke til vidare!