Mats Wehn Skjeldestad har signert kontrakt!

Ein ny landslagsspelar i utviklingsavdelinga har signert kontrakt!

Sogndal Fotball og Mats Wehn Skjeldestad, f. 19. oktober 2010, er samde om ein avtale som strekkjer seg ut 2027-sesongen! Den unge Sogndølen skriv sin fyrste kontrakt med barndomsklubben!

- Å signere kontrakt med Sogndal er veldig stort og det kjennes veldig bra. Det er ein draum som går i oppfyllelse, og det gir meg mykje motivasjon til og fortsette å jobbe på vidare, fortel Mats.

Mats Wehn Skjeldestad er ein talentfull forsvarsspelar som i tidleg alder har utmerka seg på nasjonalt nivå. Med god fysikk og spelforståing har han tatt store steg, og vist at han kan hevde seg i nasjonal serie og i den lokale seniorfotballen. Mats er ein del av Sogndal 2-troppen og spelar kampar for både Sogndal 2, NG19 og NG17. I tillegg har han vore med på Equinor talentleir ved fleire høve, som i praksis er eit landslag for alderstrinna før den fyrste landslagstroppen.

- Å bli tatt ut på landslag/talentleir for fyrste gong var litt overraskande, men det var ei veldig god kjensle. Det ga meg ein stor motivasjonsboost for å jobbe på vidare. Det er veldig kjekt å få trene og spele kampar med dei beste 2010-arane i Norge. Ein får testa seg på eit veldig høgt nivå, som ein ikkje får testa seg mot så alt for ofte.

Mats har hatt ei fin utvikling i Sogndal, og spesielt i år har han tatt steget opp til Sogndal 2 og seniorfotball. Kamp- og treningskvardagen med Sogndal 2 og dei nasjonale laga gir gode referansar for ein spelar i utvikling:

- Det som har vore viktig for min utvikling er å ha ein treningskvardag der eg blir pusha og utfordra. Eg har hatt mange gode trenarar og lagkameratar som har hjelpt meg med akkurat dette opp gjennom åra. No i år har eg fått testa meg på Sogndal 2, og Nils Tore og resten av gjengen har tatt meg svært godt imot og har hjelpt meg mykje med utviklinga mi, fortel Mats.

Mats Skjeldestad i aksjon
Mats Wehn Skjeldestad for Sogndal NG19

Utviklingsansvarleg Anders Stadheim synst det er kjekt at endå ein lokal spelar kjem opp gjennom utviklingsavdelinga:

- Det er veldig kjekt at Mats no har signert kontrakt med klubben. Han har lagt ned ein solid jobb i utviklinga si, og får no fortent belønning for innsatsen. Som alltid må me også skryte av alle dei dyktige trenarane som har fulgt han gjennom aldersbestemte lag og i utviklingsavdelinga. Dette er kjekt for både spelaren sjølv og klubben.

Mats har framleis mykje jobb framføre seg, og det neste målet blir å slå seg inn i A-lagstroppen: 

- Det neste målet for meg blir å fortsette utviklinga mi på Sogndal 2 og etter kvart prøve komme seg inn på A-laget, avsluttar han.

Me gratulerer Mats med sin fyrste kontrakt og ønskjer lukke til vidare med utviklinga!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: