Me er endeleg tilbake på heimebane

Velkomen til årets første heimekamp i OBOS-ligaen når Lyn kjem på besøk til Fosshaugane.

Etter serieopninga mot Odd er me klare for å slå tilbake og me treng bygda med oss!

Ta med barna på familietribuna og innom leikerommet vårt! Her blir det teikning, perling, brettspel og mykje moro. Før kampstart får barna springe ei runde rundt midtsirkelen og tilbake. Eit skikkeleg høgdepunkt for dei minste.

Start fotballdagen på samlingsplassen Skraol! Her får du spennande tilbakeblikk på tidlegare oppgjer mellom Sogndal og Lyn, ferske intervju med trenarane og god stemning saman med andre supportarar. Den perfekte oppladinga før avspark. God stemning og litt snacks, så er me klare når det brakar laus ute på bana.

Sogndalsbui held ope frå ein time før kampstart, i pausen og ein halvtime etter kampslutt.

Ta med deg godt humør, familie og vener og bli med på årets første heimekamp på Fosshaugane.

Stao no pao! 

Annonse fra Obos-ligaen: