Me er på same lag

Oppdatering frå dagleg leiar Rasmus Mo

Me håpar alle har hatt ei fin påske, sjølv om tida me er inne i er litt merkeleg.

Å ikkje kunne reise på besøk, aktivisere oss i lag, ta på kvarandre, krysse landegrenser, er meir enn uvant. Den frie verda har endra karakter. Alt på grunn av ein viruspandemi. Men, me er trass alt heldige som har mat, varme og tak over hovudet. Kvardagen kjem garantert attende, om enn i ei litt anna form.

Sogndal Fotball skulle no ha unnagjort seriekampar mot Ull/Kisa og Stjørdals Blink, medan Tromsø skulle ha gjesta oss komande sundag.

Men, framleis står me bokført med null kampar og laget frå Ishavsbyen kjem ikkje til helga.

Det er ulike scenario for når seriefotballen startar, om det vert med publikum, begrensa publikum eller fritt fram. Ingenting er klargjort enno.

Norsk Toppfotball jobbar kvar dag med å få avklaringar og vera hjelpeleg med å finna løysingar. Det som er heilt klart i skrivande stund er at det skal spelast 30 kampar, altså full serie.

Fotballen må forholda seg til gjeldande signal frå helsemyndigheitene, so ting kan endra seg raskt.

Den 20. april vil a-laget vårt starta oppatt treningane sine. Dette vil vera i h t dei treningsreglane som er sett og med trenarane på feltet. Vidare vil me ogso starte oppatt med redusert men organisert trening for 2. laget vårt frå slutten av mnd.

Breiddefotballen kan tidlegast starte oppatt 1. mai, men då berre om det er åpna opp for kontakttreing, altså at spelarane kan gå i nærduell.

Administrasjonen vår er framleis ute i permisjon. Denne permitteringa vil vera inntil vidare.

Fjøra Fotballklubb har og bestemt seg for å starta opp treningane sine att. Du vil sjå dei på Kvåle Stadion kvar tysdag og torsdag frå kl.17:30 – 19:00.

Sogndal Fotball gler seg veldig til den dagen då me kan pynte Fosshaugane Campus til fotballfest og invitera publikum og samarbeidspartnarar til OBOS-kamp att. Det skal bli godt å sjå dykk alle.

Ta vare på kvarandre alle saman!

Annonse fra Obos-ligaen: