Me støtta FotballtrøyeFredag

Ein viktig kampanje frå Barnekreftforeininga.

Fredag stilte heile Sogndal Fotball i drakt då me markerte FotballtrøyeFredag og støtta Barnekreftforeininga. Både spelarar, trenarar og tilsette i sport, utvikling og administrasjon var med.

I spelargruppa vart det òg køyrt ein liten vri. Dei som møtte opp i drakt frå same lag, måtte vippse ein ekstra sum til saka. Det førte til både smil, småstikk og eit ekstra bidrag.

– Dette er ein viktig dag. Det er kjekt å sjå at heile klubben stiller, og at me samlar inn pengar til ei sak som betyr mykje, seier Oliver Hintsa.

Med fullt engasjement frå heile organisasjonen vart det ein dag som både synte samhald og bidrog til ein viktig innsats.

Annonse fra Obos-ligaen: