Me svarer på spørsmåla – kvar helg

Tilsvar på kommentar i Sogn Avis

Me svarer på spørsmåla – kvar helg

Sogndal Fotball blei utfordra av sportsjournalist Endre Romøren i Sogn Avis til å halda eit allmøte der me svarer på spørsmål rundt den sportslege situasjonen i klubben.

Bakgrunnen er at me dei siste kampane har hatt ein mager poengfangst i OBOS-ligaen. Me forstår at både supporterar og media har spørsmål knytt til resultata. Me er fyrst og fremst svært glad for at det er engasjement og meiningar rundt klubben og at det blir reist spørsmål til oss, men me meiner at allmøte ikkje er den rette arenaen for ein fotballklubb å kommunisera på, dog valde me å etterkoma dette ønskjet og gjennomfører allmøte torsdag 15.9. på Fosshaugane Campus.

Endre Romøren ønskjer at me skal stille opp og svara på om klubben er på rett kurs, om laget er godt nok trena, kvifor klubben har ein tendens til å slita i haustsesongane o.s.v.

Faktum er at me svarer på slike spørsmål – kvar helg me spelar. Hovudtrenaren vår stiller opp og svarer på alle spørsmål media har etter kvar einaste kamp. Han stiller gjerne også opp før kamp om det er interesse for det.

Dessutan er alle treningane opne, både for media og supporterar. Me svarer gjerne på spørsmål om det sportslege der også.

Lokalavisa og andre kan ringje sportsleg leiar, dagleg leiar og styreleiar når som helst og stille spørsmål om klubben og drifta. Ja, det er berre få dagar sidan sportsleg leiar og dagleg leiar stilte opp i eit større intervju i Sogn Avis for å svara på spørsmål om den sportslege kursen me har valt.

Klubben har jamlege møte med Saftkokaradn der me svarer på spørsmål supporterane har. Me stiller stadig i Seniorklubben for å informera og svara på spørsmål. Det same gjeld når me møter samarbeidspartnarane våre og den store skaren av frivillige som me er avhengige av. I alle desse møtepunkta svarer me opp spørsmål på ein open og ærleg måte.

Sogn Avis er sjølvsagt ein viktig kommunikasjonskanal for klubben og har vore det i mange år. Difor har me i 2022 forsterka dette samarbeidet ved at vi ved fleire høve har invitert lokalavisa for å bli orientert om det som skjer i klubben. Sogn Avis var også med oss på treningsleir til Marbella for å få endå meir innblikk i kursen som er staka ut sportsleg i denne strategiperioden.

Me utviklar dessutan kommunikasjonen vår på sosiale plattformer. Til dømes kommuniserer me i dag med omverda på tre Facebook-sider som er tilpassa behovet, breidde-, utvikling- og toppfotball.

Video er på full fart inn i kommunikasjonen vår, og me har ein podkast oppe og går, for å nemna noko.

For all del – Sogndal Fotball er ikkje i mål når det gjeld kommunikasjonsarbeidet vårt. Me skal vera dei første til å vedgå at klubben si offisielle nettside i dag ikkje er god nok. Der har me ein jobb å gjera.

Me veit at alle som er opptekne av klubben har spørsmål knytt til det me driv med og det er me glad for og det gjer oss betre. Dette gjeld ikkje berre kvifor me ligg der me ligg på tabellen.

Me veit at allmøtet torsdag 15.9 hadde noko kort varsel og at fleire ikkje kunne stilla på dette og me har difor planar om å laga ein Open dag for alle interesserte på Fosshaugane Campus i haust.

Invitasjon kjem etter kvart.

Inntil då er det berre ein ting å seia: Dørene våre på Fosshaugane Campus står opne for media, supporterar, samarbeidspartnarar og andre – kvar einaste dag.


Jan Rune Årøy, Styreleiar

Lars-Olav Hausberg, Dagleg leiar

Terje Skjeldestad, Sportssjef

Tore André Flo, Hovudtrenar

Annonse fra Obos-ligaen: