Me tilbyr treningshelg i Sogndal for ditt lag!
Perfekte treningsforhold og profesjonell tilrettelegging for ditt lag i perioden mellom januar og april!
Planlegginga av 2025 er allereie godt i gang for dei fleste klubbar, og ein viktig del av det er korleis ein skal få ei best mogleg sesongoppkøyring. I perioden mellom januar og april tilbyr me tilrettelagde treninghelger for ditt lag med perfekte treningsforhold i Sognahallen!
Sognahallen stod ferdig i 1998 og har fotballbane med internasjonale mål, 104x64 meter. Det vart lagt nytt dekke av beste sort sommaren 2023. I vinterhalvåret kan ein trene både tørt og varmt inne i hallen sjølv om snø og is hindrar utandørs aktivitet. Sogndal Fotball kan tilby ei treningshelg av ypparleg kvalitet for både elite- og breiddefotball.
Forslag til opplegg me kan tilby:
- Torsdag: Ankomst Sogndal og moglegheit for trening i Sognahallen
- Fredag: Trening i Sognahallen eller treningskamp + sosial samling på Quality Hotel
- Laurdag: Treningskamp eller trening + tilgang til idrettssenteret på Fosshaugane Campus
- Søndag: Trening i Sognahallen
Få pristilbod på hotell og alternativ overnatting ved å kontakte Ørjan Hjellhaug.
STAO NO PAO!
Kontaktperson
-
Ørjan Hjellhaug
- Telefon
- 975 08 352
- E-post
- orjan
@sogndalfotball.no