Mjøndalen - Sogndal

OPPRYKKSFINALE! Intility Arena, avspark klokka 17:00

Det er måndag formiddag, me skriv 28. desember. Me er på Austlandet og akkurat no lavar snøen ned, det bles óg.

Og: Me skal spela kvalifiseringsfinale i dag! Mot Mjøndalen. Vinnaren av dagens kamp skal spela i Eliteserien 2021!

Kapteinsteamet vårt gler seg til kamp





Bolseth og Bøe har planen klar

Me har eit greitt utgangspunkt i dag: Me har rett og slett alt å vinna, ingenting å tapa! Her er det berre til å dura på!

Det er mange tankar som går gjennom hovudet ein morgon som dette. Som at me rykka opp i 1990 , og at me spelte i Oslo i skikkeleg grisevêr i 2000, då rykka me óg opp og sendte Vålerenga ned. I 2010 fekk me ein episk kveld på Fosshaugane då me sikra opprykket mot Fredrikstad. Kva med 2020? Igjen, me har alt å vinna i dag!
 

Tommy Øren frå dramaet i 2000
Tommy Øren frå dramaet i 2000

Det er under ei veke sidan me hadde ein fotballfest som varma i desemberkulda. Karane stod opp og vann ein fullt fortent siger over Ranheim. Etter ein periode der det såg ut som om lufta var gått ut ballongen vår for i år, likna me på det me såg tidlegare i sesongen. I Eurosport-studio sa dei begeistra at me såg ut som ein million! I dag gjeld det å gjenskapa det trøkket, entusiasmen og spelegleden me såg då!

Første juledag klokka seks om ettermiddagen i drivande snøvêr kunne me sjå den fine gjengen vår på fotballtrening på Fosshaugane. Latter og skrål, og ein fokusert gjeng! 


Me må vera påskrudde frå start. Det er ein gjeng frå Mjøndalen som vil kjempa med nebb og klør me skal møta. Me har alt å vinna, dei har alt å tapa – og akkurat dét er eit utgangspunkt som er veldig greitt!



Trenar Eirik Bakke gler seg til kamp!

Me er heldige som får spela ein slik historisk kamp! Og me gler oss veldig. Dette skal bli ein fest, ein thriller, og me skal gjera alt me kan for at me kan gå inn i 2021 som Verdas einaste Eliteseriebygd!

Playoff-finale 2020
Sogndal - Mjøndalen
Intility Arena, Oslo
Avspark 28/12 kl. 17:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: