
Møter Kåffa i cupen i dag
NM 3. runde, KFUM Arena, Avspark klokka 18:00
I dag møter me KFUM til 3. runde i cupen.
Dette blir den første av to kampar for våre karar på Ekebergssletta denne veka:
NM 3. runde: KFUM - Sogndal, avspark i dag kl 18:00, kjøp billett her
OBOS-ligaen: KFUM - Sogndal, avspark søndag kl 15:00, kjøp billett her
Kom på kamp og støtt karane!
Me har starta flott opp etter ferien med siger mot Skeid borte og Mjøndalen heime i serien, i cupen tok me oss vidare etter at me slo ut Bjarg for ei veke sidan.
Runde 3 starta i går med desse kampane:
Byåsen - Sandefjord 1-2
Kjelsås - Skeid 3-3 - Skeid vann på straffekonk
Moss - Start 0-3
Gjøvik-Lyn - Stabæk 0-7
Sotra - Haugesund 0-1
Eidsvold Turn - Molde 1-4
Lillestrøm - Aalesund 1-0
Vålerenga - Bodø/Glimt 0-1
Resten av kampane går slik:
Torsdag 30. juni klokka 18:00
KFUM - Sogndal
Brann - Fredrikstad
Sandnes Ulf - Rosenborg
Ullensaker/Kisa - Ranheim
11. august
Tromsdalen - Bryne
17. august
HamKam - Tromsø
19. oktober
Viking - Kristiansund
Kampen Jerv - Odd har førebels ikkje fått nytt tidspunkt etter at den vart utsatt.
Trekninga for 4. runde vil bli gjort i etterkant av kvartfinalane i NM kvinner som spelast 24. august. Då vil både 4. runde NM menn og semifinalane for NM kvinner bli trukke.
4. runde, kvartfinale, semifinale og finale i NM menn spelast våren 2023.