Møter tøff finsk motstand

Me skal spela mot FC Honka frå Finland i 1. runde

Med 3-1 og siger over Rosenborg i cupfinalen for G19 i fjor, vart me ikkje berre offisielle norgesmeistarar, me kvalifiserte oss óg til spel i Europa.

G19-gjengen er noko for seg sjølv, og me er særs stolte over prestasjonane dei har gjort i det siste. Berre ei veke og ein dag etter cupfinalen, dundra dei til i finalen i Skandinavisk Meisterskap i Gøteborg og tok heim ei bøtte der óg.
 

4Q3A0989
Denne gjengen!

I år har dei spelt seg fram til kvartfinalen i NM, der me får Brann på besøk den 25. september klokka 16:00.

Stram kar på plass i Sveits: Anders Stadheim.
Stram kar på plass i Sveits: Anders Stadheim.

I dag var dagleg leiar Rasmus Mo og utviklingssjef Anders Stadheim i UEFA sitt hovudkvarter i idylliske Nyon ved Lac Léman, eit par mil utanfor Genéve. Der var det trekning for dei laga som skal kjempa seg til sluttspelet i UEFA Youth League.

Sogndal var i Gruppe 2, saman med desse laga: 
Derby County (ENG) 
Midtjylland (DEN) 
Elfsborg (SWE) 
FC Minsk (BLR) 
Sogndal (NOR) 
ÍA Akranes (ISL) 
Honka (FIN)
Levadia Tallinn (EST)

Me trakk FC Honka frå byen Esbo, som ligg omlag to mil frå Helsinki.

Den første kampen går heime på Fosshaugane onsdag 2. oktober. Returoppgjøret mot finnane er i Esbo 23. oktober.

Dette er ein klubb som ikkje bør vera heilt ukjent for oss her i Sogndal, då dette er moderklubben til legendariske Hannu Patronen. Hannu var Sjef i forsvaret vårt i ei årrekkje. Han står bokført med 101 kampar og 7 mål for Honka, og 130 kampar og 8 skåringar i kvitedrakta. Om ungdommane me skal møta er laga av det same som Hannu, får me eindel å stri med! Hannu er sjølve symbolet på finsk sisu, han knakk heller ein arm eller nasen om han kunne hindra skåring i mot.

Hannu Patronen StabækH 2016 Foto - Rune Sjøberg
Med blikket fortel Hannu kven som var Sjefen på Fosshaugane

FC Honka er ein klubb der utvikling av fotballspelarar står sterkt. Formålet med klubben er å spela fotball på alle nivå, og er ein av dei beste utviklingsklubbane i Finland.

Les meir om FC Honka her

Skulle me gå sigrande ut av duellen med FC Honka, blir det spennane reisemål i Runde 2: Då må me til Tirana i Albania, eller til Tiraspol i Moldova

Les meir på UEFA sine heimesider

Me gler oss veldig til denne spennande hausten med G19-gjengen!! Stao no pao!!
 

Annonse fra Obos-ligaen: