Mykje positivt til tross for tap mot Brann

Det enda 3-1 til heimelaget på Åsane Arena i dag, men det er mykje positivt å ta med seg inn mot seriestarten

Berre to veker før seriestarten var det eit godt Brann-lag som stod på motsett banehalvdel i dag. I periodar vart skilnaden stor, men i store delar av kampen viste karadn gode tendensar. Heimelaget vann 3-1 etter to straffescoringar, og Erik Flataker scora eit flott mål for oss.

Me fekk ei sjokkopning på kampen, og Brann pressa oss lave i byrjinga. Dei fyrste 10 minutta handla det utelukkande om å stå i mot, men scoringa kom til slutt. Denzel De Roeve fekk stå åleine i boksen etter innlegg og fant vegen til nettmaskene.

Etter scoringa samla Luis Pimenta laget ved benken og instruksane gav tydeleg effekt. Meir ro og sjølvtillit med ballen gjorde at ein klarte å sette heimelaget under press ved fleire høve. Etter 14 minutt spelt kom den fyrste store sjansen etter ein flott angrep. Avslutninga til Óskar Borgþórsson vart redda av Mathias Dyngeland. 

Berre 3 minutt etter var islendingen farleg frampå igjen. Kasper Skaanes fekk kontroll på ballen og dribla seg elegant rundt Brann sine forsvararar på vår høgreside. Innlegget mot bakre stolpe fann Óskar Borgþórsson som avslutta hardt innanfor stengene. Dyngeland fekk slått ballen til corner. Det stod 1-0 til pause.

Andreomgang byrja på same måte som den fyrste, og heimelaget pressa oss tøft. Allereie etter 2 minutt snubla Felix Horn Myhre og dommaren peika på straffemerket. Niklas Castro satte ballen sikkert i mål. Etter scoringa fekk me igjen betre kontroll og kampen jamna seg ut. Før timen spelt kom reduseringa.

Kasper Skaanes kom seg fri til venstre og fekk lagt inn i feltet. Ballen vart klarert, men Jacob Flaten heada tilbake mot Erik Flataker. Spissen banka ballen i krysset på volley med venstrefoten. Ei nydeleg scoring gjorde at det stod 2-1 og ein var heilt på høgde midtvegs i omgangen.

Mot slutten var det igjen Brann som var det førande laget, og begge lag benytta seg av innbyttarane sine. Etter 70 minutt fekk dei ei ny straffe som Niklas Castro igjen satte i mål. 3-1 vart sluttresultatet, og til tross for tap er det mykje positivt å ta med seg frå denne kampen.

No ventar Åsane på same arena i generalprøven neste søndag. Då er det Eirik Bakke sine menn som skal gi oss den siste peikepinnen på status før seriestarten. 

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: