Nasjonal G18-laget slo Bodø/Glimt!

Flott sesongavslutning og 2-1 siger mot sterk motstand

Sogndal NG18 slo Bodø/Glimt 2-1 i ein fartsfylt og god fotballkamp i går kveld.

Dette var årets siste kamp i nasjonal liga for G18. I haust har gjengen vore i sluttspel med Rosenborg, Glimt og Mjøndalen, og hala i land sigeren i pulja med gårdagens resultat.  

Før kampen gjekk trenarane Terje Skjeldestad og Patrik Karoliussen gjennom strategien og det taktiske. Kort og konsist, konkret. Laget har som mantra - "Ingen skal jobba hardare enn oss" - "Ein for alle, alle for ein". Dette kan verka sjølvsagt, men gutane viste til fulle i kampen at dette er innprenta. Alle stod opp, mange til krampen tok dei då det røyna hardt på slutten!

I den første halvtimen varta Sogndal opp med flott angrepsspel og ikkje minst aggressivt presspel med fleire gode brot og overgangar. 2-0 til pause var heilt fortent. Men det hadde kosta.

Bodø/Glimt kom sterkt igjen etter kvilen, reduserte og pressa det unge sogndalslaget tilbake. Feilprosenten auka for slitne sogndalspelarar. Men då er innsats og kampvilje godt å ha i botnen. Alle jobba steinhardt for laget, og dei stod i mot eit godt Glimt-mannskap.

Kampar i den nasjonale serien er ein viktig arena. Laget får møta dei beste i landet, og får dermed vita kvar lista ligg. Med fleire 16-17 åringar på laget, kan Sogndal Fotball vera stolt over prestajonane desse har vist gjennom heile sesongen. Mange har fleire treningar med A-laget, og kvartetten Sætren, Steinset,, Flataker og Skorve har alle kampar i Obosligaen. 

Dette var ei fin avslutning på sesongen for G-18, og snart er det på´an igjen med nye oppgjer mot dei beste laga i Norge. Ingen grunn til å kvila på laurbæra. Stao no pao, gutar!

Annonse fra Obos-ligaen: