Nedteljing til tidenes billettslepp

Torsdag 23. mars klokka 12

No tel me ned til tidenes billettslepp! 

For første gang i Eliteserien og OBOS-ligaens historie er det billettslepp til dei første serierundane på same tidspunkt. Dagen er 23. mars, og billettsleppet skjer kl. 12.00 på våre nettsider og på obos-ligaen.no

Heile fotballnorge gler seg til både Eliteserien og OBOS-ligaen sparkast i gang 10. april. Klikk her for å sjå Eliteseriens terminliste og her for å sjå OBOS-ligaens termninliste 

Sesongkortsalet går så det susar, og mange av klubbane kan melda om ein auke på tosifra prosent. Hjå Bodø/Glimt har det gått så bra at dei har stoppa salet, og i Tromsø har dei rett og slett dobla sidan i fjor. Totalt sett har rundt 50.000 sesongkort blitt solgt i år. 

Det er med andre ord duka for fulle tribunar og fantastisk stemning – og festen startar når billettane sleppast 23. mars kl. 12.00. 
 
Sikra deg plass du óg! 

 

Annonse fra Obos-ligaen: