NG17 på treningsleir i London!

Sogndal NG17 har vore på treningsleir i London

Sogndal sitt NG17-lag med hospitantar har vore på treningsleir i London. Laget budde i Bisham Abbey og nytta Fab Academy sitt anlegg litt vest for London. I tillegg til å gjennomføre gode treningar spelte dei også to kampar mot god motstand. Anlegget bestod av gode fasilitetar og alt ein kunne tenke seg for ein god treningsleir.

I den fyrste kampen møtte gutane FabAcademy og kampen enda 2-2. Det var ein god kamp mot god motstand. Trenar Endre Kupen oppsummerar kampen slik:

- Me har god kontroll defensivt gjennom kampen og slepp ikkje til sjansar i 1. omgang. Offensivt framstår me slik me ønskjer, og me spelar oss ut bakfra og kjem til mange sjansar. På stillinga 2-0 til oss føler eg at me har kontroll på kampen, men på slutten slepp me inn to billige mål. Det fyrste kjem etter ein overgang i mot, og det siste målet kom på dødball. Det er slike kampar me jaktar. Det gir referansar som kan utvikle oss endå meir som individ og lag.

Kamp nummer to vart spelt mot Hayes & Yeading United FC. Den enda med 2-0 siger til våre gutar. Trenar Endre Kupen var godt nøgd etter kampen:

- Me har full kontroll heile kampen. Me spelar oss ut bakfrå med stor ro og kontroll, og sleit dei rett og slett ut. Dei prøvde å presse oss men me spelte oss ut kvar gang. Dei hadde en kvalifisert sjanse i løpet av 90 min. 
Det var eit meir robust og fysisk lag me møtte no, så det vart nokre skikkelege duellar i kampen. Det takla gutane fint. Me skulle ha scrora mange mål i denne kampen, og skapte mange sjansar. I tillegg hadde me litt fokus på dei siste 5 minutta, sidan me slapp inn 2 mål dei siste 5 minutta i førre kamp. I denne kampen hadde me full kontroll, og klarte å halde ballen i laget og kontrollere kampen ut.

NG17 London (2).jpg
Ein nøgd gjeng etter siger!

I tillegg til trening og kampar blir det sosiale på ein slik tur vektlagt. På laurdag var gjengen på League One-kamp. Kampen mellom Wycombe og Oxford United enda 0-0. Ein typisk engelsk fotballkamp med mange lange ballar og mykje fysikk involvert. Ein fann også tid til anna sosialt og ein tur inn til London for shopping og anna.

Med på turen var også ein gjeng vaksne som gjer ein flott jobb for at gutane skal få ein god tur. Vivian Sætre, Endre Kupen, Magdalon Sætre, Tommy Øren og Stig Nord var alle med og sikra ei flott oppleving for spelarane. Med på biletet under er også Nas Bashir, eigar av Fab Academy.

NG17 London (3).jpg
Vivian Sætre, Endre Kupen, Magdalon Sætre, Nas Bashir, Tommy Øren og Stig Nord

Troppen som var på tur består av desse spelarane:

  • Ard Ragnar Sundal (Jølster IL)
  • Lukas Tangedal (Dale IL)
  • Jonas Sætre
  • Ogi Markovic (Måløy FK)
  • Christian Foss
  • Sander Aske Granheim
  • Gaute Sunde Sandal (Førde Fotball)
  • Mathias Krogh Ravnestad
  • Lukas Lemvik Vigdal
  • Kristian Nord
  • Iver Harberg (Fjøra FK)
  • Khadar Ibrahim
  • Linus Heggestad
  • Elias Flo
  • Theo Westgård

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: