
Nigerianaren Nwakali
Den fyrste dagen i oktober 2017 scora Chidi eit draumemål mot Molde på Fosshaugane. Meir om guten som er på utlån frå Manchester City her: Spelarportrett
Fotball har alltid vore ein del av «Chidi». Han starta å spela fotball i Nigeria som liten. Moglegheitane kom, og med det plass på landslaget. I 2013 var Nwakali med på å vinne VM for Nigeria U17 som vart spelt i Dubai. Etter VM i Dubai vart Nwakali henta av Manchester City. I Manchester City vart han seinare sendt på utlån til Malaga og Girona i Spania.
Han ville verkeleg spele fotball, og ikkje sitje på benken. Difor vart Noreg neste stopp. Fyrste sesongen i Noreg var fjoråret, då spelte han for Start. Bakke tok kontakt med Manchester City og dermed havna Nwakali i Saftbygda.

Kva syns du om Sogndal?
Som ung spelar er Sogndal bra, seier Nwakali. Det er ein bra plass å utvikla seg. - Eg vil spela og vinna kampar for Sogndal. Me jobbar hardt, både eg og lagkameratane. Å tapa er ikkje det me ynskjer. Me skal kjempa, og motstandarane skal få kjenna det.
Eg vil vere her i Sogndal og sjå til at me ligg greitt an på tabellen. Me gutane er svoltne på å gjera det godt.
Har du interesser utanom fotballen?
Nei, fotball er det einaste som gjev meg glede. Viss eg ikkje spelar, så ser eg på, avsluttar Nwakali.
Chidiebere Nwakali
-
Alder: 20
-
Vaks opp i: Nigeria
-
Kampar for Sogndal: 20
-
Posisjon: Midtbane
-
Draktnummer: 4