Kasper Nissen

Nissen kjem til Sogndal!

Angriparen Kasper Nissen vert sogndalspelar

Sogndal Fotball og Kasper Højvig Nissen (f. 30/8 1997 i Esbjerg, Danmark) er i dag einige om ein avtale som strekkjer seg ut 2019-sesongen.

Nissen kjem frå spel i Nest-Sotra i 2016, der han spelte 26 kampar og skåra 18 mål. Han vart av mange sett på som divisjonens beste spelar.

Kasper er ein angrepsspelar som både kan bekle ein kant- og spissrolle.

Dansken har spelt elleve kampar med flaget på brystet, og har tre skåringar på aldersbestemte landslag.

- Me er veldig glade for at Kasper kjem til oss, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Eirik Birkelund i duell med Kasper Nissen under cupkampen i vår.
Eirik Birkelund i duell med Kasper Nissen under cupkampen i vår.

Sogndal Fotball har hatt Nissen i kikkerten ein god stund.

- Ja, han er ein spelar me har fulgt nøye med. og me har sett han live fleire kampar. Han har vist at han har eit bra rykk og eit godt skot.

Den kjappe dansken spelte mot oss i vårens cup-kamp.

- Kasper er veldig profesjonell og treningsvillig. Han er sterk, rask og har ein nase for skåringar, fortel Flo.

Som type meiner Flo at han vil passa godt inn i gruppa. 

- Kasper er ein ung spelar, og det er flott at han kjem hit slik at me har moglegheit til å utvikle han vidare, avsluttar Flo.

Nissen sluttar seg til troppen som startar opptrening mot ny sesong 10. januar. 

Velkomen til Sogndal, Kasper!

(Foto heading: Erik Bentdal Støverud, Vestnytt.no)

Annonse fra Obos-ligaen: