
NM Runde 1: Klare for fotballfest i Volda!
Volda inviterer til fotballfest, og me er klare for ein tøff kamp! A-laget
Den magiske tida på året er i gang, og norsk fotball rullar frå nord til sør. Norgesmeisterskapen i fotball er årets høgdepunkt for mange klubbar, og me vil vere med på festen. På laurdag reiser me til Volda på jakt etter årets fyrste siger!
Volda held til i Møre og Romsdal og spelar heimekampane sine på Volda stadion. I 2025 spelar dei i Norsk Tipping-ligaen avd. 2, altså 3. divisjon. Tilbake i 2023 spelte dei i same avdeling som Sogndal 2, og begge laga rykka ned med like mange poeng. No er dei tilbake på nasjonalt nivå etter opprykket i fjor, og på laurdag kjem dei til å gi oss god kamp om avansement!
Gjennom historia har me møtt Volda 2 gonger, og begge gongene enda med 2-0-siger. I 1989 møttest me på Volda Stadion til 3. runde i NM. Trond Fylling scora to gonger, og sikra avansement. I februar året etter spelte ein treningskamp på Jotun Stadion, og målscorarane var Trond Fylling og Trond Marius Helgesen. På laurdag møtast me igjen, og Volda blir vårt fyrste hinder på vegen mot Ullevaal.
Vegard Hagen scora på overtid mot Aalesund, og sendte Fosshaugadn til himmels. Diverre vart det ein rask nedtur med mål i mot, men karadn let seg ikkje knekke av den. Me tok ein prat med målscoraren etter dagens trening:
Assistenttrenar Miguel Barata er godt førebudd på kva som ventar oss på laurdag, og førebuingane er like som før ein OBOS-kamp. Han fortel at me skal ta Volda på alvor, og at me ikkje ønskjer oss noko cupbombe i årets fyrste runde:
Me håpar å sjå mange supportarar i svart og kvitt på laurdag. Bli med på cupfesten og støtt oss på vegen mot Ullevaal! Kampen visast også på Sogn Avis/Direktesport!
STAO NO PAO!